Mogens Hougaard Iversen, Seljord Framstegsparti.
Mogens Hougaard Iversen, Seljord Framstegsparti.

Mogens Iversen, Seljord Framstegsparti

– Kva konkret vil partiet ditt gjere for å auke talet på arbeidsplassar og innbyggjarar?

– Me vil skape arbeidsplassar i det private næringslivet gjennom å legge til rette og gjere det enkelt å etablere seg i kommunen. Me vil også jobbe for å få lærlingar til kommunen for å sikre rekruttering. Og me må ha bustader, tomter og bygge leilegheiter. Me må få ned dei kommunale avgiftene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nemn tre saker partiet ditt vil prioritere dei neste fire åra?

– Arbeide mot eigedomsskatt, skape arbeidsplassar og få tilflytting til kommunen.

– Kva skal de prioritere bort for å få gjennomført desse sakene?

– Budsjettdisiplin er viktig. Politikarane må ikkje bruke pengar dei ikkje har. Det har vore gjort nokre uheldige val frå kommunen som har kosta mykje. Kva, vil eg ikkje seie.

– Vil partiet ditt vere med og innføre eigedomsskatt på hus og hytter i komande valperiode?

– Nei. For å få folk til å flytte hit.

– Ønskjer partiet ditt billigare straumrekning for innbyggjarane eller meir i kommunekassa gjennom utbyte frå Vest-Telemark kraftlag?

– Inntektene frå kraftlaget er viktige for Seljord, så dei skal gå til kommunen. Om me skulle la vere å ta utbytte, ville kommunen ha millionar av kroner mindre å bruke i eit allereie pressa kommunebudsjett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er partiet ditt for kommunesamanslåing, og i tilfelle med kven?

– 80 prosent av innbyggarane i Seljord stemte imot kommunesamanslåing. Me ønskjer oss eit endå tettare samarbeid med dei andre Vest-Telemark-kommunane for å få store bedrifter til å etablere seg her. Men me treng å behalde dei små kommunane, slik at avstandane ikkje blir for store for folk.

– Er forholda i kommunen lagt godt nok til rette for dei under 18, eller kva må eventuelt bli satsa meir på?

– Her i kommunen er me veldig heldige, fordi me har Seljord idrettslag. Dei har eit godt tilbod til dei unge, og det blir drive fornuftig.

– Kva eventuelle forbetringar vil ditt parti gjere for dei eldre?

– Me vil at det blir laga mat på gamleheimane, med kjærleik. Me er imot all mat i plast. Det er nokre økonomiske utfordringar. Frå oktober kan me søke staten om midlar til å bygge kjøkken på gamleheimane. Driftskostnadane må me ta.

– Er partiet ditt for å krevje bompengar i Vest-Telemark?

– Nei. Det er usosialt og det skremmer folk frå å busette seg i kommunen. Noreg har pengar på bok og nokre av desse må me bruke på infrastruktur. Vegar er viktig for oss i distriktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er du mest misfornøgd med i kommunen din, og kva vil partiet ditt gjere for å rette på det?

– Me har for høge kommunale avgifter. Me kan ikkje bestemme kor mange dagar ungane skal vere i SFO,  og barnehagane har for kort opningstid. Det vil koste pengar å ha lenger ope, men når folk må gå frå jobb for å hente ungar, så blir det feil.

– Kva er dei viktigaste miljøsakene?

– Plast. Me brenn for at all plasten som me kastar til kjeldesortering skal få pant. Me må ha pant på alle på plastdunkar og -flasker. Me har eit håp om at Vest-Telemark skal vere dei første i Noreg til å gjere noko innanfor plast og skape arbeidsplassar innanfor miljøet. Om du får tre kroner i pant på Zalo-flaska, vil du levere ho tilbake.

– Har partiet ditt gjort avtale med andre parti om samarbeid etter valet i haust. I så tilfelle med kven, og kva går avtala ut på?

– Me har ikkje bunde oss til nokon, men me ønskjer oss ein ny ordførar i kommunen.

– Vil partiet ditt ha nytt skulebygg i Flatdal fyrstkomande periode, og korleis skal de finne pengar til det?

– Ja, men kvar kjem pengane frå? Det viktigaste er å pusse opp slik at ungane i Langlim, Åmotsdal og Flatdal har ein skule å gå til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vil partiet ditt bruke og investere meir pengar på grunnskule?

– Me må vedlikehalde, så ja. Skulen er viktig. Me må ha kompetanse i alle ledd.

– Korleis stiller partiet ditt seg til å få laga maten der dei eldre bur?

– Som sagt, det må me få til.

– Kva vil partiet ditt gjere for bygder som Mandal, Åmotsdal, Flatdal og Langlim meir attraktive å busette seg i?

– Me må sørgje for ordentleg veg og arbeidsplassar. Me må ha hus til dei som vil flytte dit.

– Skal Seljord ta imot fleire flyktningar?

– Nei. Seljord har vore veldig snille, men no er det stopp. Kjem det ei krise, må me sjølvsagt hjelpe til, men no må me ta ein pause og ta vare på dei som er her, få dei ut i jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

1. Mogens Hougaard Iversen

2. Carina Thorvaldsen

3. Arnstein Wolden

4. Gunnar André Gundersen

5. Thomas Flatland

6. Kari Synnøve Wolden

7. Bjørn Ove Mysen Aaanonsen

8. Kristin Haugstoga