Før Liv Sandvik Jakobsen byrja på «Kofteboken 1» visste ho lite om kufter. Nå er ho snart i hamn med «Kofteboken 3», og ønsker at bøkene skal vere til både nytte og glede.
Før Liv Sandvik Jakobsen byrja på «Kofteboken 1» visste ho lite om kufter. Nå er ho snart i hamn med «Kofteboken 3», og ønsker at bøkene skal vere til både nytte og glede.

Kuftejakta nærmar seg slutten

Det byrja med nokon arva kufter. Fyrst vart dei stua bort i eit skåp. Men snart vart dei nærast ein del av interiøret, og leia den kuftegrøne eigaren ut på ei stor jakt. Kuftejakta.

Kuftene hadde Liv Sandvik Jakobsen arva av mora og bestemora, men dei hamna i skåpet. Samstundes dreiv Liv ein blogg der ho skreiv om interiør. Når ho skulle fotografere til bloggen byrja ho å henge kuftene rundt i leilegheita, over ein stol eller over sofaen, fordi ho syntest dei passa godt inn, nærast som ein del av interiøret, og ho brukte dei også stadig i den golvkalde 50-talsleilegheita ho budde i. Lesarane la merke til kuftene, og byrja å stille spørsmål; kva heiter denne kufta, og har du oppskrifta? Det hadde ikkje Liv. Faktisk var ho ganske grøn når det kom til kufter.

– Eg tenkte ikkje så mykje på kuftene, og visste ikkje namnet på dei. Eg visste vel ikkje at kufter hadde namn eingong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Liv ler litt.

– Men eg stilte spørsmålet tilbake til lesarane, og det viste seg at kjempemange visste kva kuftene heitte. Då byrja ballen å rulle. Eg fekk inn oppskrifter på dei gamle kuftene, som eg igjen la ut på bloggen.

Ei av dei som følgde med på bloggen til Liv, var Lene Holme Samsøe, ein dansk strikkedesignar med eit nostalgisk forhold til Noreg og dei norske kuftene.

Når ein er på si tredje kuftebok får ein eit solid utval av kufter i heimen. Her er eit vakkert knippe av samlinga.
Når ein er på si tredje kuftebok får ein eit solid utval av kufter i heimen. Her er eit vakkert knippe av samlinga.
Liv brukar mykje tid på fotograferinga til bøkene. Her arbeider ho med «Kofteboken 3», og modellen Louise Ness.
Liv brukar mykje tid på fotograferinga til bøkene. Her arbeider ho med «Kofteboken 3», og modellen Louise Ness.

– Lene tok kontakt med meg og spurte om me ikkje skulle lage ei bok om dei gamle kuftene.

Ein leik med tradisjonane

Og resten er historie som det heiter. I 2014 kom «Kofteboken – den store koftejakten» og året etter var «Kofteboken 2 – den store koftejakten fortsetter» klar. Den fyrste boka inneheld 42 strikkeoppskrifter på gamle kufter, medan det er 54 oppskrifter i bok nummer to.

I november i år blir den store kuftejakta avslutta, i alle fall i bokform, med ei tredje og siste kuftebok. Her blir også 56 gamle kufter i ny drakt presentert.

Stilen i bøkene er den same – i tillegg til oppskriftene er det vakre bilde og små tekstar om kvar av kuftene, gjerne om designaren bak, om dei kjenner den.

– Me vil at bøkene skal vere både nyttige og til glede. Nyttige fordi folk skal kunne bruke dei når dei strikkar, og til glede for at dei skal kunne sjå på bilda og lese tekstane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Liv skriv tekstane og fotograferer, medan Lene står for det strikketekniske.

– Dei gamle oppskriftene er ofte litt krevjande så me tilpassar oppskriftene dagens strikkarar. Storleikane har endra seg også, så dei har me også tilpassa vår tid.

Noko av drivkrafta til prosjektet er ønsket om å hente fram ein gamal tradisjon frå gløymsla, og plassere den i vår tid.

– Eg synest det er så vakkert, det er ekte vare og ingen masseproduksjon.

Fordi det har vore så mange kufter å produsere på så kort tid har dei brukt teststrikkarar, og det har ikkje vore vanskeleg å få tak i. Faktisk fekk dei over 200 svar då dei spurte etter strikkarar via Facebook og Instagram.

Liv viser fram ei av kuftene som har fått plass i den siste boka – den einaste ho sjølv har strikka til bøkene. Mønsteret er sjølvsagt gamalt, men modellen og garnet er moderne – posete og pusete.

– Me leikar oss med tradisjonen. Denne gongen har me dradd det endå lenger inn i vår tid.

– Me blir litt nostalgiske

Bilda er ein stor del av bokopplevinga og fotograferinga er ikkje gjort på ein dag. Ikkje på to eller tre heller. Det er eit tidkrevjande arbeid og målet er at kvart bilde skal fortelje ei historie.

Artikkelen held fram under annonsen.

På fotografia blir dei gamle mønstra plassert i vakker norsk natur, ofte saman med gamle, lafta bygg eller akkompagnert av blomar, gule åkrar og utsikt så vakker at det er til å miste pusten av.

Fargane er duse, milde – uttrykka naturlege. Då den fyrste «Kofteboken» møtte publikum i 2014 tok det av. Dei to fyrste bøkene har eit samla opplag på omkring 60 000. Bøkene er gjeve ut på eige forlag, då dei takka nei til eit stort forlag.  

– Det var heilt vannvittig! Folk syntest det var så gøy. 

Liv synest det er vanskeleg å seie sikkert, men har nokre teoriar om kvifor bøkene slo slik an, og skapte kufte- og strikkefeber i by og land. 

– Eg tenker at me blir litt nostalgiske av det. Me har sett gamle svart/kvitt-bilde av familiemedlemmer, og kjenner att kuftene dei har på seg. Då dukkar det opp mange gode minne, trur eg. I desse miljøtider trur eg folk er lei av å bli lurt, me er lei av at noko ser ut som eit materiale og så viser det seg å vere plast, og ei kufte varar så lenge. I tillegg passar dei godt inn i hipsterkulturen. Kuftene er jo ikkje ei enkel løysing, og eg trur me av og til har behov for å gjere noko langsamt. Ei og ei maske – det går liksom ikkje fortare enn det. 

Kanalkufta

Sjølv om noko av hovudtanken bak kuftebøkene er at dei gamle mønstra skal hentast fram, har ei heilt ny kofte fått plass i den komande boka. 

– Dei som arbeider med Telemakskanalen tok kontakt og spurte om me kunne designe ei kanalkufte. 

Oppdraget gav Sandvik og Samsøe få føringar, og dei bestemte seg for å lage ei i blått som symboliserer kanalen og ei grøn som symboliserer den vakre telemarksnaturen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me samarbeider med Telespinn i Svartdal, dei har så fin grøn og blå farge, og garnet kjem frå mohairgeiter som er veldig fint å bruke til kufter. 

Liv viser fram to eksemplar, og forklarar at både naturen og handverk frå Telemark er inspirasjonen bak mønstra. 

– Sikksakk-borden er fjella og dalane. Me såg også på gamle telemarksteppe og let oss inspirere av dei, medan bladmønsteret er inspirert kufta «Gamal Telemark». Den kufta var med i eineren eller toaren? Det har blitt mange kufter, men Liv finn snart rett bok og rett kufte. Det viser seg at designaren heitte Ingrid Cappelen og var fødd i Kviteseid, men flytta seinare til Grenland.   

Den ansvarslause barndomen

Liv har gått i motsett retning. Porsgrunnsjenta har saman med sonen Mikkel og ektemannen Thomas, funne heimen sin i Kviteseid. Sidan ho var lita har ho hatt ein eigen varme for gamle ting, og den har aldri kjølna. Husa på familiens småbruk er gamle, veggane måla i linolje, tregolva knirkar sjarmerande, og dei vel gode, gamle løysingar når dei set husa i stand. I dette landskapet sklir dei nye kuftene med dei gamle mønstra nydeleg inn.

– Dei er så unike, og passar inn med alt det gamle. Det er solid og det er jo vakkert! 

Liv fortel at besteforeldra budde på ein gard i Tørdal. Det var som eit eventyr å vere der i barndomen, og leike fritt i dei gamle husa. 

– Det har nok prega meg, og er ein grunn til at me flytta hit også. Eit ønske om å gjenskape den ansvarslause barndomen som vaksen. Både for Mikkel, men også for min eigen del.