Khomeini-flyktingar mest aktuelt i Seljord

I dag finst det 20 millionar flykningar i verda. Noreg skal kanskje ta i mot opp til 10.000 i år, og Seljord kommune har takka ja til å ta i mot 10 av desse. I morgon kveld inviterar Seljord kommune til eit ope møte i aulaen på Seljord ungdomsskule om mottak av flyktningar og asylsøkjarar til bygda.

– Å ta i mot flyktningar er ei erkjenning av at me kan hjelpe å løyse ein del av verdas problem, og ikkje stenge oss ute frå resten av verda, meiner ordførar Olaf Slaaen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les fleire nyheiter frå 1987 i arkivet her. Ope for alle VTB-abonnentar/dagspass.