Fyresdal kommune – Skam dykk!

Fekk sjokk då eg opna VTB siste dagen i mai! Ikkje fordi avisa plutseleg hadde blitt tjukk, eller at det var eit sjokkerande bilete på framsida. Sjokket kom på innhaldet iavisartikkelen om nedskjeringar i Fyresdal kommune. Etter ein lang oppvekst i Fyresdal – der barndomsminna handlar om ein fantastisk kommune å bu i, og etter å ha flytt tilbake med mann og ungar i 2000, har eg 35 års røynsle med å bu i fagre Fyresdal. Eg fekk jobb som kulturskulerektor i januar 2001, og var i kommunal jobb i 11 ½ år, før eg valde å gjere noko anna. I starten av mi yrkeskarriere i Fyresdal, var det lett å gjere krumspring, utvikle nye tilbod, utvide og kjøpe inn. Dette fordi politikarane og tilsette hadde handlingsrom, og var positive til utvikling og engasjement. Fyresdal var ein kommune som var handlekraftig, raus og god! Kva inntrykk får eg som vanleg innbyggjar no, når desse forslaga ligg på bordet?

Skam dykk, arbeidsgruppe! Skam dykk! Det er pinleg å lese dykkar forslag til nedskjeringar, og endå meir pinleg å lese om kor utruleg dårleg prosessen tydeleg har vore! Heldigvis er eg ikkje tilsett i Fyresdal kommune lenger, slik at eg har lov å seie det eg vil! Dei nedskjeringane som er føreslått rammar dei de ynskjer å behalde i kommunen! Etter 11 ½ år som rektor i kulturskulen, har eg ganske god erfaring på kor viktig denne rolla er. På det meste hadde kulturskulen i mi tid ei dekking av talet på grunnskuleelevar på heile 50%! Lærarane i kulturskulen er ein gjeng med dyktige fagpersonar som brenn for jobben sin. Dei treng ein leiar som skjønnar faget, kan motivere, engasjere og brenne for eit tilbod som ikkje har ein lovfesta storleik. Det er når rektor brenn for kulturskulen, ein får ei utvikling ein kan rope HURRA for! Ikkje for å såre deg, Saamund Gjersund, men du brenn ikkje for kulturskulen!

Artikkelen held fram under annonsen.

Å føreslå kutt i stillingar innan kulturskule, folkehelse, landbrukskontor, næringssjef i tillegg til sommarstenging av barnehage, privatisering av kommunale vegar er (beklagar at eg seier det) musepiss i havet! Ordførar Erik Skjervagen seier problemet er at dei tilsette ikkje kjem med forslag på alternativ. Her er eit forslag frå ein innbyggjar med ein del års leiarerfaring. Ordførar: arbeidsgruppa sjå på kor topptung Fyresdal kommune er! Den minste kommunen i innbyggjartal, med størst utgifter på administrasjon per innbyggjar. Ja, det heng på greip??? 4 kommunalsjefar, 3 nivå på leiing… kutt 3 av sektorsjefstillingane – der har de om lag 3 millionar! Burde vore enkelt å tenkje ut det… Sjølvsagt vert det ein utfordrande omstillingsprosess med verknadar for mange, men det er i alle fall eit betre alternativ enn å ta det som går direkte på innbyggjarane! Det er nemleg oss Fyresdal kommune er der for!

Eit siste sjokk er avvising av uttala frå ungdomsrådet! Vi bur i eit demokrati der vi ynskjer å lære opp våre ungdommar til kva eit godt samfunn er! Dersom de vil ha engasjerte, ærlege og direkte folk til å ta vare på dykk når de er gamle – bør de jammen høyre dei når dei prøvar å engasjere seg! Håpar eg har grunn til å fortsetje med å vere stolt av å bu i Fyresdal!

Sarke Veum,

engasjert innbyggjar i Fyresdal