Endra føresegner for renovasjon

Framlegg til nye lokale føresegner for renovasjonsordninga i Tokke, Vinje, Seljord, Kviteseid og Fyresdal er i desse dagar ute på høyring. Den viktigaste endringa blir at alle hytteabonnentar får lik pris. I dagens føresegner er det tre ulike avfallsgebyr for hytter. Det gjeld hytter med innlagt vatn og avlaup (høg standard), hytter utan innlagt vatn (vanleg standard) og som ligg lenger enn to kilometer frå vinterbrøyta veg og veglause hytter.

På Tokke kommune sine heimesider skriv konstituert teknisk sjef Einar Heggtveit at det nye renovasjonsgebyret truleg blir eit gjennomsnitt av dei tre ulike gebyra ein har i dag. Dei nye føresegnene skal tre i kraft frå 1. januar 2017.

Artikkelen held fram under annonsen.

Merknadar til utkastet om endra lokale føresegner kan ein sende til Renovest i Ordal. Høyringsfristen er ute 1. september.