Beate Marie Dahl Eide og Sp er valvinnar i Seljord.
Beate Marie Dahl Eide og Sp er valvinnar i Seljord.

Brakval av Sp: Beate Marie kan bli ordførar i Seljord

Senterpartiet i Seljord har fått 43,7 av røystene, og ligg an til å få 7 av dei 17 mandata i det nye kommunestyret.

Etter alle stemmene er talt opp i Seljord viser resultata at Arbeidarpartiet går frå seks til tre mandat, Høgre frå fem til tre, Frp og MdG har begge inne to mandat.

Senterpartiet fekk 43,7 prosent av røystene, men treng støtte for å få fleirtal. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarpartiet gjer sitt dårlegaste val i Seljord nokonsinne viser statistikk frå nettsida pollofpolls.no, som viser oversikt over valresultat tilbake til 1947. 

Kommunestyret i Seljord blir neste periode redusert frå 21 til 17 representantar.

– Ein klar indikasjon

– Det er ein klar indikasjon på at veljarane ønskjer forandring, seier Beate Marie Dahl Eide. 

Peter Fjågesund (MDG) vil snakke med partifeller før dei bestemmer seg for om dei vil samarbeide.
Peter Fjågesund (MDG) vil snakke med partifeller før dei bestemmer seg for om dei vil samarbeide.

– Senterpartiet står tradisjonelt sterkt i Flatdal og Åmotsdal som  blei talt opp først, men eit så overveldande fleirtal har me ikkje opplevd tidlegare, seier Dahl Eide. Framgangen blei ikkje like stor i Seljord sentrum, men det hadde Dahl Eide rekna med. Saman med Miljøpartiet Dei Grøne har Senterpartiet reint fleirtal.

Vil samarbeide

– Me har samarbeida veldig bra med MDG i førre periode og ønskjer å halde fram med det, seier ho og legg til at det kjennest litt overveldande å få så stor tillit som innflyttar. Dahl Eide var i si tid yngste fylkesvaraordførar nokon sinne i landet. 

Vil sjå det an

– Me må ta stilling til eit eventuelt samarbeid når det endelege resultatet ligg føre, seier leiar i Seljord MDG, Peter Fjågesund. 

– Det er litt annleis å sitje med eit massivt Senterparti, enn dei forholda me har arbeidd under i førre periode. Viss me berre får eit mandat, blir me berre ein liten brøkdel i eit samarbeid. 

Fjågesund seier at MDG er i ein posisjon der dei kan stille krav, men vil ikkje love noko før han har fått diskutert med resten av gruppa si.