Amund Rannestad debuterer med den historiske romanen "Den andre sønnen."
Amund Rannestad debuterer med den historiske romanen "Den andre sønnen."

Amund debuterer med historisk roman

For seks år sidan fekk Amund Rannestad ein spe, liten idé. Nå har endeleg ideen blitt til romanen «Den andre sønnen».

Til vanleg underviser Rannestad i historie, samfunnsfag og kristendom ved Kvitsund gymnas, men som forfattar har han fritt blanda historiske personar og hendingar med fri fantasi.

– Det har vore deilig. Når ein diktar veit ingen kva som kan skje og det er det som er gøy, fortel debutanten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje berre action

Hovudpersonen i «Den andre sønnen» ber namnet Asbjørn Trygveson, og er ein oppdikta karakter, men rammene rundt historia er historisk korrekte. Rannestad tek oss tilbake til 1100-talet, ei slags brytingstid i norsk historie. Store delar av landet er kristna, men nokre stadar, særleg i innlandet, blir framleis dei gamle gudane tilbedd.

Ein riddar pregar framsida av boka, og i forgrunnen kjempar menn med sverd. Hovudpersonen kjem frå ei stormannsslekt, og dei skulle bere sverd og ut i krig.

– Det blir litt krig og slag, så ein må tole nokre dødsfall. Men det er ikkje berre ei actionbok. Eg har prøvd å gå litt djupare enn det.

Tittelen spelar på forholdet til faren; han er den andre sonen både i faktisk rekkefølge, men også kjenslemessig.

– Han svarar ikkje heilt til forventingane faren har til han, og forholdet mellom far og son er ein raud tråd gjennom boka.

Den gode historia

Med mastergrad i historie har forfattaren kosa seg med all researchen han har gjort. Kvar minste detalj må stemme.

Rannestad ler litt, og fortel at han har lese mange sider om arkitektur, klede og mat frå mellomalderen.

– Eg trur ingen kan seie noko på det historiske, men dette er jo ein roman og inga historiebok. Det er forteljinga som er viktig, og eg håpar eg har skapt ei god historie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sveip innom Kviteseid

Rannestad har leika seg med å blande historie og fantasi, og utgangspunktet for forteljinga har han funne i sitt eige nærmiljø. Asbjørn Trygveson kjem nemleg frå Bringsverd i Grimstad. Der voks også forfattaren opp.

Då Rannestad skulle gå på vidaregåande skule gjekk turen til Kvitsund gymnas, og i dag bur og arbeider han her. Hovudpersonen tek også ein sveip innom Kviteseid og garden Utsond som låg der Kvitsund ligg i dag.

– Eg har teke ein liten sjanse der, men er ganske sikker på at det var busetting på staden på den tida. Det var få som turte å reise til Telemark, det var litt vilt her.

Den lange vegen til debuten

«Den andre sønnen» byrja som ein spe, liten idé for seks år sidan. Fyrst tenkte han at dette blir for stort, men ideen ville ikkje sleppe taket. Etter åtte-ni månadar byrja han å skrive.

– Eg brukte litt tid på å finne stemma mi, å finne ut korleis ein skriv ein roman.

Etter kvart var han klar og tok kontakt med dei store forlaga Cappelen og Gyldendal. Han fekk ulike tilbakemeldingar, og valte å gå vidare med Gyldendal. Etter fleire rundar fram og tilbake med redaktøren fekk han ny redaktør som likevel ikkje ville gå vidare med prosjektet. Rannestad let manuset ligge litt, før han bestemte seg. Søren heller, dette må jo ut, tenkte han.

Det var Kolofon forlag einige i. Forfattaren smiler fornøgd og kan endeleg halde boka mellom hendene.

Mange seine kveldar

Å skrive historisk roman krev mykje research, i tillegg har forfattaren kutta bort om lag 350 sider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med full lærarjobb og tre barn; korleis har du fått tid til dette?

– Eg har brukt om lag tre år, og det har blitt mange seine kveldar. Eg skriv aller best når eg er heilt aleine. Om til dømes kona har tatt med barna bort ei helg og eg har stova for meg sjølv. Då kan eg skrive i timevis, nokre gonger i 12–14 timar i løpet av ein dag.

Spent på tilbakemeldingane

Berre kona Ellen visste at ektemannen skreiv på ein roman.

– Ho måtte nesten vite kva eg har halde på med all denne tida, ler han.

Nå er han spent på reaksjonane. Både frå kjentfolk og andre. Samstundes leikar han alt med nye idear.

– Eg har nokre idear, men eg må tenke litt på dei. Eg veit det er mykje arbeid, men om ein del folk likar det her så kanskje.

Han viftar med boka, og smiler litt, før han legg til:

– Om eg berre får slakt så kanskje eg jekkar meg litt ned.