Stian Espedal frå Forsand i Ryfylket reiser mykje rundt for Nortura og lærer bort slakting. Rønnaug Flatin (t.v), Stian Espedal, Jan Samuelsen og Hege Gonsholt.
Stian Espedal frå Forsand i Ryfylket reiser mykje rundt for Nortura og lærer bort slakting. Rønnaug Flatin (t.v), Stian Espedal, Jan Samuelsen og Hege Gonsholt.

«Ingenting på dyret bør kastast»

Stian Espedal i Nortura heldt tysdag slaktekurs i Arabygdi for sau- og geitebønder som ville lære meir om å utnytte heile dyret.

Heile prosessen frå avliving og slakting, til partering og foredling av kjøt vart vist før deltakarane fekk smake på steikt kjekjøt.

– Eg er oppteken av å få fram potensialet til kjekjøt. Her tidlegare var det mykje framme i media at kjøtet berre vart kasta og ikkje utnytta. Eg synest geita skal få meir merksemd, fortalde Espedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heime på garden til Gunnar Haugo på Vå starta kurset med at Espedal slakta to kje, og deltakarane følgde ivrig med for å lære nyttige teknikkar for ei rask og human avliving, i tillegg til ei effektiv slakting som skånar kjøtet mest mogleg.

Gunnar Haugo er ein av initiativtakarane for fagdagen som er eit samarbeid mellom Nortura, Telemark Sau og Geit, og produsentlaget for geitemjølk i Haukeli Aust.

– Me er oppteken av at ein ikkje skal kaste mat, og kjekjøt er ei delikatesse som me ønskjer at folk skal få augo opp for. I tillegg er det viktig at kjøtprodusentane får vite meir om kjøt og at det kan oppmuntre til meir heimeslakting, seier Haugo.

Kurset tok også føre seg deling og foredling av heimeslakt. Svein Olav Lien (t.h) og Ellen Nordahl.
Kurset tok også føre seg deling og foredling av heimeslakt. Svein Olav Lien (t.h) og Ellen Nordahl.
Fagdagen gjekk frå slaktarbenk til festbord for kjekjøtet i skulehuset i Arabygdi. Anne Karin Samuelsen (t.v), Kirsti Sandland, Rønnaug Flatin, Espen Høydal og Gunnar Haugo.
Fagdagen gjekk frå slaktarbenk til festbord for kjekjøtet i skulehuset i Arabygdi. Anne Karin Samuelsen (t.v), Kirsti Sandland, Rønnaug Flatin, Espen Høydal og Gunnar Haugo.
På Vå vart det undervist i slakting av kje. Arne Vaa (t.v), Espen Høydahl, Svein Olav Lien, Sigrun Lonar, Kjellaug Helle Øygarden, Bergit Øygarden Bergland, Anne Karin Samuelsen fylgjer med når Stian Espedal forklarer.
På Vå vart det undervist i slakting av kje. Arne Vaa (t.v), Espen Høydahl, Svein Olav Lien, Sigrun Lonar, Kjellaug Helle Øygarden, Bergit Øygarden Bergland, Anne Karin Samuelsen fylgjer med når Stian Espedal forklarer.
– Ingenting skal kastast, sa Stian Espedal frå Nortura til Kirsti Sandland (f.v.), Hege Gonsholt, Jan Samuelsen, Anne Karin Samuelsen, Ellen Nordahl og Arne Vaa.
– Ingenting skal kastast, sa Stian Espedal frå Nortura til Kirsti Sandland (f.v.), Hege Gonsholt, Jan Samuelsen, Anne Karin Samuelsen, Ellen Nordahl og Arne Vaa.

Kraft på bein

Espedal går metodisk igjennom slakteprosessen medan han skjer og forklarar.

– Somme hiv dei to sidene på små kje, det er eg ein stor motstandar av. Ein må aldri hive noko. Ein har stelt dyra lenge, og ein må ha større respekt for dei enn at ein ikkje tek i bruk alt av ressursar på skrotten. Bein kan ein til dømes koke kraft på, seier Espedal.

Av innmaten kan mykje brukast, som til dømes hjarte og lever. Slaktaren viser fram brissel som er ein kjertel over brystbeinet.

– Kongen tinga over 200 av desse til ein forrett han skulle ha på ein slottsmiddag. Etter mi meining smakar det ingenting, men om ein krydrar og saltar det nok smakar det vel noko, og det er rekna for å vere ein delikatesse, seier Espedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje alt ein kan ete og Espedal viser fram galleblæra og fortel.

– Her er ei lita galleblære, og det er bra. Det viser at dyret ikkje har vore stressa. Ser ein på milten, og den er stor og stygg, kan ein finne ut at den har vore angripen av flått. Men i dette tilfellet er den liten og einsfarga og har ikkje vore plaga med flått, fortel Espedal.

– Det ein ikkje kan bruke sjølv, kan ein gje til fuglane. Ingenting skal kastast, held han fram.

Aling av kje

Hege Gonsholt i produsentlaget fortel at det er 13 geitebønder i Vinje, to i Tokke og ein i Åmotsdal.

– Det er nokså stabilt dei siste åra, sjølv om det er ei lita nedgang. Men på 90-talet var det om lag 1000 bruk i landet mot om lag 300 i dag. Både Vinje og Aurland har bukken i kommunevåpenet, og naturforhold her er godt eigna for geiter med fine støylsområde, seier Gonsholt.

Gunnar Haugo seier det er om lag 2000 kje i Vest-Telemark og at potensialet for å fôre opp kje er stort.

– Det er nokre geitebønder som også alar opp kje, men det er ikkje heilt ideelt at kjea syg mjølk av geita fram til slakting. Så det hadde vore veldig bra om nokon ville starte med å ale opp kje, seier Haugo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mediemakta rår

Torstein Dahl er salsleiar for ferskvare og spesialitetar i Nortura og seier mediemerksemd styrer mykje av forbrukarane sine handelsvanar.

– Etterspurnaden for kjekjøt gjekk opp då det vart merksemd rundt kje, men i år har det gått ned igjen. Ein ser det same med interessa for høns som var oppe tidlegare. Litt av utfordinga er å halde på interessa. I dag er det berre Spar og Meny av kjedene som tek inn kjekjøt. Det er tre kampanjeveker, og i år vart halvparten av kjøtet seld. Det som vert igjen blir ikkje kasta, men vert lagt på frys. I tillegg er det noko som går til hotell og restaurantar, seier Dahl.

– Det er viktig at forbrukaren spør etter kje for at butikkjedene skal ta det inn. I Oslo har ein to Jacobs-butikkar som står for ein stor del av salet av kjekjøt her i landet. Tidene har også forandra seg. Eg minnest då eg byrja i Nortura på slutten av 80-talet og utover 90-talet så selde me mykje heile lam og halve oksar til butikkar, som selde desse vidare til privatpersonar. Folk kjøpte meir kjøt i større stykke før og delte det heime, held han fram.

Mørbrad

Deling og foredling var neste steg på programmet då kursdeltakarane samla seg i det gamle skulehuset i Arabygdi. Espedal synte korleis ein delte bankebiff, mørbrad surra steik av kje.

– Eg synest det er moro å legge til rette for at folk kan sjå kor mykje ein kan få ut av kje og det å slakte og dele sjølv, seier Espedal.

Svein Olav Lien er tidlegare lærar ved Hovden Skigymnas og skal no bli heiltids geitebonde i lag med sambuaren i Grungedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mjølkeproduksjon som er fyrsteprioritet, men på sikt kan ein vurdere om ein skal ale fram kje. Men for min eigen del vil eg ale fram kje til eige bruk, seier Lien.