Vurderer felles karantenereglar i Vest-Telemark: Tokkeordførar Jarand Felland opplyser at kommunelegane i Vest-Telemark framleis vurderer felles karantenereglar.

Vurderer framleis felles karantenereglar

Tysdag ettermiddag informerer Tokke kommune og ordførar Jarand Felland på Facebook at kommunelegane i Vest-Telemark framleis vurderer om det skal innførast felles føringar knytt til karantene for personar som kjem til Vest-Telemark frå andre stader i Noreg.

På tysdag informerte kommuneoverlegen i Seljord, Kine Jordbakke, at Seljord utvidar karantenereglane til å gjelde alle som kjem frå heile Noreg, unntaket er Midt-, Aust- og Vest-Telemark.