Skuleskyss: Posisjonspartia vil ikkje leggje notatet om skulestruktur på høyring før det kjem klare svar om korleis tryggleiken til dei minste blir ivaretatt.

Vil vera trygge på at dei minste elevane får ei trygg skyssordning

Kommunestyret er ikkje fornøgd med rådmannens svar om skuleskyss, og vil ikkje sende saka om skulestruktur på høyring før dei er sikre på transporten er trygg.

Kilma-, miljø- og oppvekstutvalet i Kviteseid bad i februarmøtet rådmannen leggje til eit avsnitt i skulestruktur-høyringsnotatet om kva som fagleg sett er den beste løysinga kring skuleskyss. Då kommunestyret fekk saka på bordet torsdag var ikkje posisjonspartia imponerte.

– Det har kome inn eit nytt kapitel, men det er ikkje svar på spørsmåla som blei stilt, sa Egil Jøsendal (MDG).

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fremja på vegner av Senterpartiet, Høgre og MDG framlegg om at saka blei sendt tilbake til administrasjonen, før ho blei sendt på høyring.

– Korleis ser rådmannen for seg å sikre dei minste elevane ein transportsituasjon dei føler seg trygg i. Og då meiner me ikkje trafikktryggleik. Dei minste elevane er sårbare og blir eksponert for store elevar. Sjølv om me ikkje trur dei store elevane herjar med dei små, kan dei store seg imellom vera på ein måte som ein liten synest er skremmande, sa Jøsendal om den nye bestillinga til rådmannen.

I vedtaket, som blei vedtatt med 13 mot 4 røyster, blir også rådmannen beden om å utarbeide ei skisse for skyssordning som ser til at grunnleggande krav til reisetid blir ivaretatt.

– For små ungar skal det gå maksimalt 45 minuttar frå ein går ut døra heime til skulestad, sa Jøsendal.

Bad om fleire svar: Egil Jøsendal (MDG) bad administrasjonen utarbeide ei skisse for skyssordning.

Det blei også bede om at det blir gjort greie for elevtalet i skulekrinsane uavhengig av kvar elevane går på skule i dag.

Stor utgreiing

Rådmann Øystein Tveit repliserte at det er vanskeleg å skulle planleggje korleis skuleskyssen skal vera når skular blir lagt ned i framtida, og at det er lita hjelp å få frå fylkeskommunen om teoretiske framføringar.

– Me må sjå kvar enkelt elev bur. Det er ei stor utgreiing, og ikkje det som bør vera avgjerande om skulestrukturendring eller ikkje. Eg meiner me heller bør seie noko om kvaliteten, som vil ha ein kostnad, og som kan gjera at det blir ei lågare innsparing enn det me har sett for oss ved å leggje ned skular, sa Tveit.

– Det er dramatisk at barn som ikkje er fylt 6 år skal på skulebussen. Då er det viktig å ha sagt noko om dette i respekt for innbyggjarane som skal ha info om konsekvensane, sa Jøsendal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har jamt vore skeptisk til å leggje ned skular og sende dei minste på bussen. Det er eg framleis. Dette er det viktigaste med heile høyringa, og er redd det ikkje går å løyse på ein god måte, kommenterte Tarjei Draugedal (KrF).

Drosje som ein del av den faktiske kostnaden

Rådmannen understreka at det ikkje er optimalt å sende små ungar på buss over lange strekningar, men at det er ein del av konsekvensen ved å leggje ned skular.

– Så er litt av utfordringa å vurdere det opp mot tilbodet om skulekvardagen elles. Er bussturen det største problemet eller er det det gode skuletilbodet, sa Tveit.

– Me er fullstendig klar over at det er ein meirkostnad. Ein kan klare kravet om 45 minuttar med drosje frå Vråliosen til Kviteseid, men då er det ein del av den faktiske kostnaden ved å leggje ned Straumsnes skule, sa Stian Hauge.

Magnhild Nordskog Ek Brynilsen (Sp) frå Morgedal var gjennom mange liknande rundar i oppveksten, og konstaterte at Morgedal som grend lever bra sjølv utan skule.

– Eg sparka til skulen i fyrsteklasse, det var den billigaste forma for transport kommunen kunne ha, sa ho.

Hennar uro var å sende ungane på bussen. Ikkje nødvendigvis tida på bussen, men alt som skjer rundt, kven ein møter på bussen, når ein står og ventar, og når ein går heim.

– I transporttida er kommunen ansvarleg. Det må me ha med oss, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvor Nyland (H) ymta frampå om det kan vera ei mentorordning med ein vaksen på bussen for å sikre at dei minste føler seg trygge.

Hinder for tilflytting

Les også
– Éin tiårig skule i Kviteseid er den beste løysinga
Les også
«For min del vil eg slutte med å lure meg sjølv. Eg innser at små skular ikkje er rett medisin for å få folk til å flytte til bygdene.»

Einar Søreide (Ap) utfordra Senterpartiet på kva som skal til for at partiet går med på å leggje ned skular. Til det svara Hauge at dei i alle fall må vera trygge på at ungane blir transportert på ein forsvarleg måte innanfor tidsgrensene og at høyringsnotatet må innehalde ny info.

– Men me ser også utfordringane med liten skule, understreka Hauge.

Geir Kjartan Lid (Ap) var blant dei som snakka om sjølve skulane. Han meinte at små skular kan vera eit hinder for tilflytting, og at det ikkje er skulenedlegging som har gjort at parametera i små bygder har peikt nedover.

Det er venta at eit høyringsnotat blir sendt ut i løpet av månaden. Fristen for å meine noko er sett til 22. mai. Rådmannen skisserte at eit vedtak i saka bør bli gjort før sommaren.