Vil at elevane skal kunne kontakte helsesjukepleiar via app

Ein app skal gjera kontakten mellom vidaregåande-elevar og ressurspersonar enklare.

Appen blir alt testa ut på vidaregåande skular i Vestfold, og tilbakemeldingane har vore positive. Dette er ei digital teneste som møter ungdomane der dei er. Han er utvikla på bakgrunn av hundrevis av tilbakemeldingar frå elevar.

– Ein app vil gjera dialogen med helsesjukepleiar, miljøterapeutar, rådgjevarar eller andre ressurspersonar enklare for ungdomane. Terskelen for å ta kontakt blir lågare. Det at ein kan velje å vera anonym er viktig, seier Mette Kalve (Ap), nyvalt leiar av hovudutvalet for utdanning og kompetanse i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap-politikar: Mette Kalve, Vestfold og Telemark Ap

I fylkestingsmøtet før jol blei det vedtatt at fylkesrådmannen skal lage ei skisse til kva som trengst for å implementere appen i heile det nye fylket.

– Me veit at ungdom i Telemark har ynskt seg ein slik app lenge, og me er derfor glad for at framlegget blei vedtatt, seier Kalve på vegner av Ap, Sp, SV, MDG og Raudt som fremja forslaget.