Ei arbeidsgruppe ønskjer å innføre aldersgrense og trafikkopplæring for bruk av hest i trafikken.Foto: Sara Johannessen / NTB / NPK

Vegdirektoratet vil ha aldersgrense for ryttarar på hest i trafikken

Vegdirektoratet ønskjer å innføre aldersgrense og trafikkopplæring for bruk av hest i trafikken for å betre tryggleiken.

Ifølgje Nationen har ei arbeidsgruppe sett ned av Vegdirektoratet diskutert problemstillingar knytt til hest i trafikken, etter at to jenter på 11 og 13 år mista livet då dei vart påkøyrde av ein bil under køyring med hest og sulky på Bjørkelangen i 2014.

Gruppa foreslår mellom anna å opne enkelte gang- og sykkelvegar for hestar, og at det blir innført ei aldersgrense på 16 år for å ri eller køyre hest i trafikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir òg foreslått at stallar og rideskular blir pålagde å gi betre opplæring i reglane. Om det vil vere ei form for førar- eller ryttarkort, kjem ikkje fram i forslaget.

Etter trafikkreglane blir hestar rekna som køyretøy, uavhengig om dei blir køyrde, leidde eller blir ridne.

Talet på ulykker med hest i trafikken synest å vere underrapportert i offisielle statistikkar. Medan politiet rapporterer om to–tre tilfelle i året, viser ein forskingsrapport frå Nord universitet at det derimot årleg hender eit tresifra tal ulykker.

(©NPK)