Politiet har fått løyve til å væpne seg i inntil tre månader. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

Væpninga av politiet blir halde oppe i inntil tre månader, opplyser Politidirektoratet

Politidirektoratet har fått samtykkje frå Justis- og beredskapsdepartementet til at politiet framleis kan vere væpna i inntil tre månader.

PST vurderer terrortrusselen i Noreg som «høg». Det betyr at fleire aktørar har evne og vilje til å gjennomføre terrorhandlingar i Noreg.

Politiet er i tett dialog med PST, og vurderer fortløpande kva tiltak som er nødvendige, opplyser Politidirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med bakgrunn i det gjeldande trusselbiletet har vi med samtykke frå Justis- og beredskapsdepartementet vedteke at politiet framleis skal vere væpna, seier fungerande politidirektør Håkon Skulstad.

(©NPK)