På E134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring på grunn uvêret som er på veg inn frå søraust. Foto: Statens vegvesen NTB / NPK

E134 over Haukelifjell er framleis stengt

Uvêret Gerrit gjer at E134 over Haukelifjell framleis er stengt.

Vegen blei stengt klokka 21.30 onsdag kveld. Det er uvisst når vegen opnar att. Men ifylgje dei automatisk utrekna prognosane frå Vegvesenet skal det letne utover dagen i dag.

Om ein ser nokre dagar fram i tid er det stor fare for at E134 over Haukelifjell blir stengt nyttårseftan og 1. nyttårsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du sjå prognosen for i dag og dei neste seks dagane.

Det er kolonnekøyring mellom Haukeli og Hovden. Fv 450 mellom Skafså og Rotemo er open, men det er fare for stenging i løpet av dei neste timane.

Kraftig snøfokk

Det blei onsdag sendt ut gult farevarsel for kraftig snøfokk og vindkast på mellom anna Haukelifjell og Hardangervidda. Uvêret var venta å auke ved 20-tida og vare fram til 6-tida torsdag morgon. På Hardangervidda er det også sendt ut oransje varsel om snøskredfare.

Også på riksveg 7 over Hardangervidda kan forholda utover kvelden bli så vanskelege at blir nødvendig med kolonnekøyring. Vegvesenet ber folk vurdere om det er nødvendig for dei å køyre onsdag kveld, eller om dei kan vente til torsdag.

Tidlegare på onsdagskvelden var det kolonnekøyring på strekninga mellom Haukelitunnelen og Liamyrene bom på E134.

– Det er brøytemannskapane der oppe som vurderer situasjonen fortløpande. Dei har antyda at det kan bli stengt. Det blæs ganske godt der oppe, det snør og det er ganske kaldt. Det betyr at snøen er tørr og fyk lett, samtidig som det er framleis ein god del trafikk, seier trafikkoperatør Steinar Våsjø ved Veitrafikksentralen Sør til NTB.

Vegtrafikksentral Vest har ansvaret for riksveg 7 over Hardangervidda og åtvarar mot både vind og snøfokk.

– Det kan vere fare for at vegen kan blåse igjen, det dannar seg veldig fort skavlar. Vi tilrår folk om å vente med å køyre til dette uvêret gir seg, seier trafikkoperatør Christian Strømmen til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viss du må ut og køyre mellom aust og vest, tilrår Strømmen den nordlegaste fjellovergangen, E16 over Filefjell.

– Det er veldig sjeldan det blir stengt der, berre nokre få gonger i året, seier han.

(©NPK)