Turistforeininga vart ikkje informert om forslaget om å stengje hyttene deira. – Særs uheldig

Den Norske Turistforeininga (DNT) meiner dei burde vore involvert i prosessen før tiltaksplanen for villrein på Hardangervidda vart presentert for ålmenta, og at konsekvensane av tiltaka ikkje er godt nok gjort greie for.

Les også
Stenging av turisthytter, vinterstengt riksveg og regulering av fritidsaktivitetar – dette er blant tiltaka som skal gjere levekåra betre for villreinen

Prosjektgruppa, som er leia av Statsforvaltaren i Oslo og Viken, presenterte tidlegare denne månaden fem tiltakspakker som skal gjere levekåra for villreinen på Hardangervidda betre. Blant forslaga til tiltak er stenging av turisthyttene Hellevassbu og Lågaros.

– Me meiner det er særs uheldig at to turisthytter blir føreslått nedlagde utan at dette har blitt lagt føre DNT for det blei presentert for ålmenta og media. Dette er ikkje i tråd med intensjonen om «ein målretta involvering for å koma fram til og forankre aktuelle tiltak», og bidreg totalt sett til å svekke tilliten til sluttresultatet, skriv DNT i eit innspel sendt til Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brevet er signert styreleiar Per Hanasand og generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang, og er sendt på vegner av DNT Oslo og omegn, DNT Drammen og omegn, DNT Telemark, Bergen og Hordaland Turlag og Stavanger turistforeining.

Dei understrekar at DNT deler bekymringa for villreinen, og at dei heile tida har hatt ei tilnærming til arbeidet om at dei skal gjere sin del for å betre situasjonen.

– Me er opptekne av at me må finne løysingar som tek vare på villreinen, samstundes som me kan halde fram med friluftsliv i fjellet, skriv dei.

Vesentleg endra tilgang

Dei meiner summen av forslaga som no er lagt fram «går mykje lenger enn forventa, og vil sterkt avgrense moglegheita til å utøve friluftsliv på Hardangervidda».

– Forslaget til tiltaksplan inneheld særs mange element, og så langt me kan sjå, er dei samla konsekvensene for friluftslivet ikkje utgreidd godt nok.

DNT skriv dei må vurdere hytte- og rutetilbodet deira på Hardangervidda, i ljos av konsekvensane tiltaka vil føre med seg. Dei er bekymra for moglege indirekte konsekvensar for ferdsel også i dei områda som ikkje er direkte råka av tiltaka.

– Me er opptekne av at konsekvensane av tiltak knytt til ferdsel og friluftsliv blir grundig skildra. Så langt me har sett, er det fleire tiltak der dette er for svakt, heiter det i innspelet.

Blant konsekvensane dei sjølv nemner, er ei innskrenking av allemannsretten i heile villreinområdet. Mellom anna som fylgje av det føreslåtte speglvendingsprinsippet – der belastande former for friluftsliv, til dømes kiting og hundekøyring, blir prinsipielt forbode i heile området, men at ein kan opne for slike aktivitetar i mindre utsette område.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om det er snakk om å regulere friluftsaktivitet med potensielt stort skadepotensiale, meiner me at dette er er eit inngripande forslag som langt på veg utfordrar den frie ferdselsretten. DNT meiner difor at konsekvensar av forslaget må utgreiast nærare, og at forslaget må gjennom ei grundig demokratisk handsaming før det eventuelt kan bli gjennomført, skriv dei.