Trygg Trafikk: – La barna sykle eller gå

Det er skulestart i Vestfold og Telemark i dag, og mange 1.-klassingar har det fyrste møte med trafikken. Regionsleiar for Trygg Trafikk har ei klar oppmoding til foreldre for å skape ein tryggare skuleveg. – La barna gå eller sykle heile eller delar av skulevegen.

– Barn vil gjerne gå saman med venene sine, og det gir god helse og læringsmotivasjon. Ikkje alle barn har høve til å bli køyrt. Dersom du køyrer barnet ditt, bidreg du til ein litt meir trafikkfarleg veg for dei barna som går og syklar. Ein kan også etablere gågrupper slik at fleire barn kan gå saman med ein ansvarleg vaksen, seier regionleder i Trygg Trafikk for Vestfold og Telemark, Mette Magnussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me veit at nokon skular ligg slik til at barna må bli køyrd. Då skal sjølvsagt ikkje foreldra ha dårleg samvit for det, legg ho til.

Ho seier at nesten 8 av 10 – 79 prosent – av barneforeldre meiner at det ideelle for barna er å gå eller sykle til skulen. Det viser ein landsrepresentativ Kantar-undersøking av foreldre med barn i skulealder gjennomført av Trygg Trafikk.

Likevel er unødvendig skulekøyring eit problem mange stadar, ifølge Trygg Trafikk. Undersøkinga viser at det særleg er dei foreldra med små barn under åtte år som køyrer oftast – heile 35 prosent av dei spurde.

– Det er ulike grunnar til at foreldre køyrer barna. Det kan vere fordi det er praktisk eller langt å gå. Men mange gjer det fordi dei trur det er meir trygt. I dei aller fleste tilfelle er det heller omvendt. Den tryggaste og hyggelegaste skulevegen er den der barna i hovudsak går eller syklar. Difor er det viktig at både skulane og foreldra legg til rette for det. For dei som må køyre, er det viktig å hugse på å køyre ekstra forsiktig, og vere spesielt merksame, seier opplæringssjef i Trygg Trafikk, Ragnhild Meisfjord.

Trygg Trafikk ynskjer at foreldre og skular etablerer «hjartesone» rundt skulen. Det er ein trafikksikker sone med lite biltrafikk, og der dei barna som blir køyrd blir slopne av i droppsoner utanfor hjartesona. «Hjartesone» kan også ha tiltak som følgjegrupper, foreldre som står hjertesonevakt på utsette stadar eller betre sykkelparkering.

Hjartesone er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Syklistenes Landsforening, Politiet, Helsedirektoratet, Miljøagentane, Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Trygg Trafikk.