Leiar for Pensjonistforbundet, Jan Davidsen, og arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kommenterer resultatet av trygdeoppgjeret. Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK

Trygdeoppgjeret er klart: Pensjonistane nærast garantert auka kjøpekraft

Pensjonistane er nærast garantert auka kjøpekraft i år etter at trygdeoppgjeret kom i hamn. Grunnbeløpet blir auka med 6,41 prosent til 118.620 kroner.

Sjølv om prisveksten skulle ende på 5,4 prosent, slik regjeringa legg til grunn i revidert nasjonalbudsjett, vil pensjonistane komme ut av året med ein solid auke i realinntekta.

– Eg er glad for at vi i år får ein god vekst i grunnbeløpet. Ytingar som blir regulerte gjennom grunnbeløpet, som til dømes uføretrygd og arbeidsavklaringspengar, får ein auke på 6,41 prosent, seier arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdig alderdom

Ifølgje regjeringa blir auken i utbetalingane til pensjonistane på 8,54 prosent frå 1. mai.

– Alle skal ha ein verdig alderdom. Derfor er viktig med eit føreseieleg og rettferdig system for korleis alderspensjonane og andre trygder skal oppjusterast årleg, seier Persen.

Trygdeoppgjeret styrer korleis grunnbeløpet i folketrygda og ei rekkje pensjonar blir regulerte. Grunnbeløpet i folketrygda, også kjent som G, blir brukt til å berekne og regulere både pensjonar og trygdeytingar.

Solid etterregulering

Ein må sjå den høge reguleringa i år på bakgrunn av at reguleringa i fjor bomma kraftig på både lønnsveksten og særleg prisveksten. Etterreguleringane blir ekstra store i årets trygdeoppgjer.

Resultatet er meir eller mindre i samsvar med kravet organisasjonane leverte ved starten av trygdedrøftingane for vel ei veke sidan. Allereie då fastslo sjeføkonom Erik Orskaug i Unio at årets oppgjer ville bli historisk godt.

Kravet frå Unio, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, LO, Akademikerne, YS, Forsvarets seniorforbund, Senior Norge og Landslaget for offentlege pensjonistar tek utgangspunkt i anslaget til regjeringa på lønns- og prisveksten for 2023 på høvesvis 5,25 prosent og 5,4 prosent.

I tillegg skal ein etterregulere for lågt anslått lønns- og prisvekst i trygdeoppgjeret i fjor på høvesvis 0,6 prosent og 2,4 prosent, ifølgje kravet.

Følgjer pris- og lønnsvekst

Dessutan vil dei nye reglane, der pensjonane blir regulerte parallelt med lønns- og prisutviklinga, trekkjer utviklinga opp i år med høg prisvekst, slik statsminister Jonas Gahr Støre påpeika under Arbeidarpartiets landsmøte for to veker sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil gi eit godt trygdeoppgjer seinare i vår. Alderspensjonistane kjem til å bli inntektsvinnarar. Og det er vel fortent, sa Støre.

Realinntektsutviklinga blir rekna ut ved å finne differansen mellom inntektsauke og prisveksten.

– Men vi må framleis hugse at vi underregulerer pensjonane med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Når prisveksten blir anslått om lag like høg som lønnsveksten, blir denne underreguleringa nulla ut i år. I tillegg er etterreguleringa frå i fjor rekordstor. Til saman gir dette den høge reguleringa i årets trygdeoppgjer, sa sjeføkonom Erik Orskaug i Unio i samband med kravoverleveringa.