Totalt fire personar er no smitta i Åmot

Dei to nye smittetilfella er i nær familie med den fyrste smitta, opplyser Vinje kommune.

Alle dei fire smitta kjem frå Åmot-området.

– Dei nye tilfella er isolert, er i god form, og blir fylgt av helsetenesta i Vinje kommune. Helsetenesta er i ferd med å gjennomføre smittesporing og ytterlegare prøvetaking, melder ordførar Jon Rikard Kleven i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den fyrste meldinga om at ein person i kommunen var smitta, kom tysdag. Torsdag stadfesta kommuneoverlegen at endå ein var smitta, men at det ikkje var samanheng mellom dei to tilfella. Dei to nyaste tilfella er altså knytt til den fyrste som var smitta.

Les også
«Pasientane som har fått påvist smitte, er unge vaksne. Dei ligg begge på sjukehus.»
Les også
Endå ein person er stadfesta smitta i Åmot
Les også
Trur smitten kjem frå Oslo