Barnehage: Barnehage er blant det UNICEF har undersøkt. Bildet er frå då Byrtesamfunnet møtte mannssterke opp for å feira opninga av barnehagen for eitt år sidan.

Tokke er beste kommune for barn og unge – for andre året på rad

For andre året på rad toppar Tokke kommune UNICEF Noregs kommuneanalyse. Analysen viser urovekkande store sprik i korleis kommunane prioriterer og leverer tenester for barn og unge.

– Det skal ikkje vera adressa som avgjer kva liv eit barn i Norge får. Alle barn har lik rett til ein trygg og god oppvekst, ifølge Barnekonvensjonen. Dei store sprika i både kvalitet og type tenester kommunane tilbyr barn og unge er dessverre noko me har sett i fleire år, seier Kristin Oudmayer, direktør for Barns rettar og berekraft i UNICEF Norge i ei pressemelding.

Kommuneanalysen frå UNICEF Noreg ser på dei fem sektorane: barnehage, skule, barnevern, helsetenester og kulturtilbod. Analysen baserer seg på tal som kommunane sjølv har rapportert inn til SSB og tar for seg budsjett og tenester for barn og unge mellom 0 og 20 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du sjekke alle kommunane.

Tokke kommune tronar altså øvst på topp 10-lista, som i fjor. Deretter følgjer Namsskogan i Trøndelag og Stor-Elvdal i Innlandet.

Åtte av dei ti kommunane som gir aller best tenestetilbod for barn og unge, er små kommunar med innbyggjartal under 10 000.

Rangert: Kommunane blir etter ein poengscore frå 1 til 5, der 5 er høgast og 1 er lågast. Kommunar med låg score leverer ikkje nødvendigvis uforsvarlege tenester til barn og unge, men tenestene har eit lågare nivå samanlikna med andre kommunar ifølge kommunanes eigne innmeldingar i KOSTRA (SSB).

Klepp kommune i Rogaland kjem nedst i årets analyse, etter Bærum og Nittedal.

Veks du opp i Tokke kommune, har du altså større sjanse for å få barnehageplass, større areal å leike på i barnehagen, tettare oppfølging av ein utdanna lærar eller heimebesøk innan to veker etter fødsel, enn om du veks opp i Klepp kommune, skriv UNICEF i pressemeldinga.

Det er spesielt innan barnevernssektoren at topp 10-kommunane leverer sterke resultat. Sju av dei ti kommunane (Sørfold, Nore og Uvdal, Stor-Elvdal, Åseral, Namsskogan, Høylandet og Lyngen) oppfyller plikta om undersøking- og behandlingstid under tre månader i 100 prosent av tilfella.

Også innan helsetenester utmerker topp 10-kommunane seg. Seks av topp-10-kommunane har avlagt heimebesøk hos nyfødde og familiane deira innan to veker etter fødsel, som er fristen. (Sørfold, Tokke, Heim, Namsskogan, Høylandet og Åseral).

– Begge desse tenestene er lovpålagde i kommunane, og heilt avgjerande for at barn og unge skal vera sikra ein god og trygg oppvekst der dei bur, seier Oudmayer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Store sprik i alle kommunegrupper

Kommuneanalysen 2022 finn store sprik mellom kommunar i alle kommunegruppene som er analysert: små, mellomstore, store og rike kommunar, samt dei store byane.

Eit eksempel på sprik er leik- og opphaldsareal per barn i barnehagen (m²). Det spenner seg frå 4,20 m² til 35,70 m². Herøy er den kommunane som her tilbyr minst plass, medan Namsskogan tilbyr størst.

– Mange kommunar har eit forbetringspotensial når det gjeld å prioritere viktige tenester for barn og unge. Kommunane skal fungere som er tryggleiksnett og dei må oppfylle lovpålagde tenester. Det skal ikkje vera kommunegrensene som avgjer korleis barn og unges liv og oppvekst blir, seier Oudmayer.

Samtidig rosar ho kommunane for mykje godt arbeid for barn og unge.

– Kommuneanalysen er ikkje meint for å henge ut eller premiere kommunar, men å skape debatt om forskjellane i barns oppvekstvilkår og auke bevisstheit om barns rettar i kommunane før neste budsjettrunde, seier Oudmayer.

Kommunanes statistikk er dynamisk. Små justeringar kan derfor ha oppstått i løpet av perioden me har jobba med analysen (juni – august 2022). UNICEF Norge henta ut siste tabell for statistikk 7.7 2022, informerer organisasjonen i pressemeldinga.