Var heime: Jack Hagen (t.h.) var klar med papirpengane då bøsseberar Reidar Skogheim ringte på døra.

Tok på seg ei rode med innsamlingsbøssa

I nitten år var Reidar Skogheim aksjonsleiar for TV-aksjonen i Telemark. I år er han i gang att – då som friviljug bøsseberar i byggjefeltet Gravshaugane i Seljord.

Reidar Skogheim (83) trykkjer på ringeklokka ved døra på det fyrste huset han vitjar. Litt tid går, men brått opnar døra seg. Innanfor står ein smilande Jack Hagen klar med papirpengane i handa.

– Folk likar tradisjon

Det er fire iskalde plussgrader, mindre vind enn dagane før, og ikkje noko nedbør denne sundagsettermiddagen i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Perfekt vêr for TV-aksjonen. Folk er ikkje på tur, dei er heime, kommenterer bøsseberaren.

Så fortel han litt om grunnidéen bak fjernsynsaksjonen.

– Folk skal sitje heime og sjå på TV. Og så kjem bøsseberaren, seier han.

– Er ikkje dette litt gamaldags?

– Nei, det er ein tradisjon, og folk likar tradisjon. Og me er i ein del av verda der dugnad er ein viktig del av samfunnet, minner han om.

Ulike rodar: Ingebjørg Moen (81) og Reidar Skogheim (83) hadde båe roder i Gravshaugane i Seljord.

– Ikkje til Gaza/Israel

Årets TV-aksjon i regi av Norsk rikskringkasting AS (NRK) går til organisasjonen Redd Barna. Ifylgje Store norske leksikon er Redd Barna ein norsk hjelpeorganisasjon, oppretta av Norges Barnevernsråd i 1946 med føremål å arbeide nasjonalt og internasjonalt for å fremje barns rett til liv, helse, utvikling, tryggleik og deltaking. Norske Redd Barna er tilknytta den internasjonale organisasjonen Save the Children, som blei stifta i Storbritannia i 1919.

Redd Barna byggjer på FNs konvensjon om barnerettar og har vore ein sjølvstendig organisasjon frå 1948.

Medan redselsfulle krigs-bilete rullar over skjermane våre, er ikkje Midt-Austen mål for pengane me gjev i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Midlane frå årets TV-aksjon går ikkje til Gaza/Israel, men Redd Barna er til stades i Gaza og på Vestbreidda og hjelper i den akutte og enorme humanitære krisa. Dei innsamla pengane blir fordelte mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Norge, opplyser NRK på nettsida til TV-aksjonen.

Kva organisasjon som får tildelt aksjonen, og kva pengane skal gå til, blir avgjort eit drygt år i førevegen. I alt 15 organiassjonar søkte, og det var altså Redd Barna som sigra i år.

Frå tilsett til friviljug

TV-aksjonen NRK har vore arrangert kvar haust sidan 1974. Nær tjue år seinare, i 1993, blei Reidar Skogheim frå Seljord tilsett som leiar for aksjonen i Telemark. Den stillinga, som var løna som eit halvt årsverk, hadde han fram til 2012. No har Skogheim blitt 83 år gamal, og er i gang att – denne gongen som friviljug i aksjonen som NRK omtalar som verdas største dugnad.

Skogheim deltek mykje på frivilligsentralen i Seljord, som organiserer innsamlinga i kommunen. Der spurde han leiaren for sentralen om dei hadde nok bøsseberarar. Då ho informerte om at dei mangla nokon til ei rode i Gravshaugane svara han kjapt: Den tek eg!

Dermed blei 83-åringen ein del av dugnadsgjengen.

– TV-aksjonen er ein kostnadseffektiv innsamlingsaksjon takk vera eit stort friviljugt apparat som bidreg med å organisere innsamlinga lokalt. Dei seinare åra har gjennomføringa av TV-aksjonen kosta mellom 12 og 16 prosent av midlane som er samla inn gjennom aksjonen, blir det opplyst på nettsida tvaksjonen.no.