Toalett stole i Drivarbekkdalen

Politiet melder torsdag kveld om eit innbrot i ein fritidsbustad i Drivarbekkdalen. Tjuvane har «mellom anna teke med seg ei bålpanne og eit toalett», skriv politiet på X. Dei er sparsame med informasjon kring kva toalett som er stole, men gjennomfører i alle fall åstadsundersøkingar og opprettar sak.