E134 over Haukelifjell er stengt på grunn av uvêr måndag. 50 gjester sit vêrfast på Haukeliseter fjellstue.Foto: Statens vegvesen / NTB scanpix/ NPK

To meter snøfall på Haukelifjell på ei natt

Natt til måndag kom det over to meter snø på Haukelifjell. 50 gjester sit vêrfast på Haukeliseter fjellstove.

– Det er 50 gjester som er vêrfaste. Det er veldig mykje snø og det er òg mykje vind. Det er ikkje mogleg å komme seg ut herfrå. Det er ikkje vanleg at det er så mykje vêr her oppe, så lenge. Det er ofte stengt i ein liten periode, men det er vel fem år sidan eg opplevde dette sist, siger dagleg leiar Håkon Aarthun ved Haukeliseter fjellstove til NRK.

Han opplyser til NRK at det natt til måndag landa 2 meter snø ved inngangen til fjellstova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Truleg blir det ikkje aktuelt for gjestene å reise før tysdag ettermiddag.

(©NPK)