Tilsett ved sjukehuset Telemark er smitta

Det melder sjukehuset i ei pressemelding.

Ein tilsett ved kreftpoliklinikken ved Sykehuset Telemark har testa positivt på koronavirus. Dette er det første bekrefta tilfellet blant tilsette og pasientar ved sjukehuset.

Vedkommande var på jobb denne veka, og har hatt kontakt med både pasientar og andre tilsette. Desse blir nå kontakta og testa. Den aktuelle poliklinikken og tilhøyrande lokale blir stengt og vaska, og vil etter planen kunne opnast att tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pasientar som blir berørt av stenginga vil bli informert fortløpande.

Den tilsette har forhalde seg til råda frå Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og sjukehusets reglar.