Tidlegare i veka låg det an til å bli opp mot 30 grader. – No har prognosane roa seg litt
Fram mot helga blir det store kontrastar i vêret her til lands. I sør held sommarvarmen fram, medan det blir regn og kanskje sludd i Nord-Noreg.
– No er det store kontrastar i landet vårt. Det blir varmt og tørt i sør og aust, seier vakthavande meteorolog Unni Nilssen til NTB.
Det er eit høgtrykk og varm luft frå kontinentet som fører til dei høge temperaturane. Tidlegare i veka låg det an til å bli opp mot 30 grader enkelte stader på Sør- og Austlandet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No har prognosane roa seg litt, men det blir i alle fall litt over 20 grader dei neste dagane, seier Nilssen.
Det byrjar dessutan å bli brukbare badetemperaturar, særleg i Oslo-området. Onsdag formiddag vart vasstemperaturen ved Aker bryggje i Oslo målt til 16 grader. Det viser oversikta over badetemperaturar på yr.no.
Nedbør dei neste 10 dagane
På Vestlandet blir det stort sett opphaldsvêr dei kommande dagane. Likevel blir det ikkje så varmt i lufta.
– Det blir ikkje så spreke temperaturar, ein kan kanskje forvente rundt 15 grader på dagtid, seier Nilssen. Ho fortel at store delar av Vestlandet slepp unna nedbøren.
– Førebels ser det ut til at regnet held seg nord for Stad og Dovre.
I Nord-Noreg og Trøndelag er situasjonen ein heilt annan. I enkelte område er det venta så mykje som 70 millimeter nedbør dei neste ti dagane.
– I nord blir det også ganske kaldt. Temperaturane kan liggje rundt null grader, og det er dermed moglegheit for noko sludd, seier meteorologen.
Nilssen forklarer at det er arktisk luft som kjem inn over Nord-Noreg og fører til dei svært låge temperaturane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vedvarande skogbrannfare
I skrivande stund er det skogbrannfare på gult nivå for Agder og Austlandet. Dette vil halde fram inn i helga, med høge temperaturar og mangel på regn.
– Dersom det blir veldig lenge til neste runde med nedbør, kan det hende vi oppjusterer til oransje nivå, seier Nilssen.
Tysdag og onsdag denne veka kjempa politiet mot fleire skogbrannar på Austlandet, mellom anna i Indre Østfold.
– No må vi oppmode folk til å vere forsiktige. Vi er ute og sløkkjer skogbrannar kvar dag, så folk må vere forsiktige med varme, sa vaktleiar Kjell Nesset ved Aust 110-sentral til NRK tysdag.
(©NPK)