Eit fleirtal på Stortinget stiller seg bak eit forslag som ber regjeringa om å vurdere tiltak for å jamne ut prisforskjellane mellom dei ulike straumprisregionane. Særleg gjeld dette på Sørlandet. Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Stortingsfleirtal ber regjeringa endre straumprisforskjellar

Eit fleirtal på Stortinget har vedteke å be regjeringa om å setje i gang tiltak for å endre dei store prisforskjellane i dei ulike straumprisområda.

Vedtaket kjem etter at representantar frå straumprisområdet NO2 (Sørvest-Noreg), der prisane har vore høgare enn dei andre områda, besøkte Stortinget tidlegare i haust. Vest-Telemark høyrer til NO2.

No får Stavanger Aftenblad stadfesta at eit fleirtal beståande av alle parti i energi- og miljøkomiteen – Ap, Sp, SV, MDG, Raudt, H, V, KrF og Frp – har vedteke ei formulering som instruerer regjeringa om å setje inn tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleirtalet ønskjer at regjeringa skal vurdere tiltak som kan setjast inn for å hindre store prisforskjellar mellom eit prisområde og tilgrensande prisområde. Det er totalt fem slike område i landet, og i Sør-Noreg har spesielt NO2 lege godt over nabområda i Søraust- og Midt-Noreg.

Sofie Marhaug (Raudt) tolkar forslaget frå komiteen som ein tydeleg beskjed om at regjeringa ikkje gjer nok for å redusere og dempe høge straumprisar.

– Særleg Sør-Vestlandet har vore ramma av store og konkurransevridande prisforskjellar – ikkje minst på grunn av prissmitten frå alle dei nye kablane til Europa, seier ho.

Ove Trellevik (H) håpar på brei stortingsoppslutning om «eit viktig vedtak» og legg ikkje skjul på at det er situasjonen i prisområdet NO2 som er bakgrunnen for forslaget som er lagt fram av Høgre.

(©NPK)