Ny flytting: Vaksenopplæringa var opphaveleg på Åmot skule, men held no stort sett til på Vinjehuset, som er rett ved skulen. Tysdag bestemte kommunestyret at rådmannen så raskt som råd finn andre lokale til vaksenopplæringa.

Stort fleirtal for å flytte vaksenopplæringa

Nesten heile kommunestyret i Vinje støtta forslaget frå Irja Godal (Bygdelista) om å flytte vaksenopplæringa i Åmot til andre lokale.

Saka som var til handsaming i kommunestyremøtet tysdag var i utgangspunktet kor mange flyktningar ein skulle ta imot i 2024 og leige av bustadar til desse. Oppmodinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) var at Vinje buset 55 flyktningar i 2024.

Signala frå administrasjonen var at inntil 40 var det talet ein kan handtere. Årsaka til at ein ønskjer eit lågare tall enn oppmodinga er mellom anna at dei innan oppvekst har fulle barnehagar, med unntak av Øyfjell, og full vaksenopplæring. Vidare ser ein innan helse at flyktningane som kjem no har større traume og krev meir oppfølging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knut Erik Jordstøyl (INP) ville utsette heile saka for å utgreie kapasiteten i dei ulike tenestetilboda på ein betre måte, men dette forslaget fall med 2 mot 23 stemmer.

Står i spagaten

Tone Edland (Sp) støtta administrasjonen i deira ønske om reduksjon, og peika på fleire utfordringar knytt til det store mottaket ein har hatt.

– Fleire kommunar, ikkje berre Vinje, seier ifrå at no står dei i spagaten. Då er det rett å redusere. Det handlar om å gje eit godt tilbod til dei som kjem og om å redusere konfliktar, sa Edland.

Ho understreka også kor viktig det er at dei som kjem får noko meiningsfullt å gjere, og at kommunen her kan bli betre på å legge til rette.

Støttar reduksjon: Tone Edland (Sp) var blant dei som støtta eit lågare tall enn IMDi si oppmoding.

– Eg har høyrt frå folk som har hatt flyktningar i språkpraksis, og som er klare for å tilby dei jobb, og så vert dei nappa bort og dei får ein ny på språkpraksis. Når dette skjer om att og om att så mistar dei lysta, utdjupa Edland.

Sp-representanten peika også på at tilstrøyminga av flyktningar gjer at kommunen langt på veg har nådd tilflyttingsmålet sitt, og stilte spørsmål om Vinjelosen, som har tilflyttingsarbeid som del av stillinga si, kunne vere ein ressurs i integreringsarbeidet.

Rådmann Jan Myrekrok var samd i at det kunne vere noko i dette forslaget.

– Flyktningane skal også finne seg til rette i samfunnet, og slik sett har Vinjelosen med alt å gjere, men til no har ho berre blitt brukt til å finne ledige hus. Men her er eit potensial.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flyktninglos: Rådmann Jan Myrekrok var einig i at Vinjelosen kunne vere ein mogleg ressurs når det gjeld integrering av flyktningane.

Ny vaksenopplæringsstad

Irja Godal tok opp behovet for ei endring når det gjeld lokalisering av vaksenopplæringa i Åmot. Denne var tidlegare på Åmot skule, men har etter kvart flytt det meste av aktiviteten sin til Vinjehuset. Problemet er berre at dei då tek opp plassen for andre grupper som har behov for å nytte huset.

Godal meinte ein burde utgreie ein ny vaksenopplæringsstad, og bad om at rådmannen så raskt som råd finn andre lokale til vaksenopplæringa som eignar seg. Ho fekk støtte frå Øystein Høgetveit (SV).

– Det er for lite rom på Vinjehuset i dag, derfor har eg hug til å røyste for framlegget til Bygdelista, sa han.

Det hadde fleire hug til også, og forslaget til Godal vart vedtatt med 22 mot 3 røyster.

Kommunestyret vedtok elles å ta imot inntil 40 flyktningar i 2024. I tillegg at kommunen inngår ei leigeavtale med Studentsamskipnaden i Sør-Aust Noreg om å leige husvære til flyktningar i studentbustadane i Såtehov på Rauland når Rauland omsorgssenter er i normal drift att. Desse bustadane vert no nytta av bebuarane på omsorgssenteret.

Presisering

I ein tidlegare versjon stod det at det var fulle barnehagar og skular i Vinje, og at det var fullt på Rauland skule. Det er no presisert til «fulle barnehagar med unntak av Øyfjell, og full vaksenopplæring».