Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland er på plass på kontoret sitt. LO og NHO stadfestar at streiken er over. Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK

Storstreiken er over

Etter fire dagar blir streiken avslutta i frontfaget. Streikande LO-medlemmer kan dermed gå tilbake på jobb, stadfestar NHO og LO.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-sjef Ole Erik Almlid møter pressa hos riksmeklar Mats Ruland torsdag klokka 17.

Streiken blir omgåande avslutta, og folk kan gå tilbake til jobb så snart det lèt seg gjere, opplyser LO og NHO i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første i mellomoppgjer

Oppgjeret i år er eit såkalla mellomoppgjer, der det berre blir forhandla om lønn. Det er første gong det er ein streik i eit mellomoppgjer i etterkrigstida.

– Streiken varer til streiken er over. Riksmeklaren er den som kunngjer om streiken er over, seier kommunikasjonsrådgivar Linda Reinholdtsen i LO til NTB.

Sist gong LO gjekk til streik, var i 2000. Også den gongen streika arbeidarane for meir lønn – og som dagens streik rasa mange over høge leiarlønningar.

Nesten 25.000 i streik

22.947 LO-medlemmer og 1.441 YS-medlemmer har sidan måndag vore i streik etter at meklinga med NHO braut saman mange timar på overtid sist søndag. Allereie fredag har det vore varsla at 16.561 LO-medlemmer til og 460 YS-medlemmer blir tekne ut i streik.

Bakgrunnen for streiken er brot i meklinga om lønnsoppgjeret i det såkalla frontfaget, altså industrien. NHO, YS og LO vart ikkje samde om kor høgt lønnstillegget skulle vere i frontfaget, som igjen blir viktig for kor mykje meir lønn andre grupper i Noreg vil få i år.

Det er venta at prisane i Noreg vil stige med 4,9 prosent i år. Kravet har vore meir enn dette i lønnsvekst for å sikre at folk ikkje får mindre å rutte med.

YS og NHO er samde om lønnsoppgjeret, og streiken er avslutta.

Alle YS-medlemmer får 7,5 kroner i timen, dei lågtlønte får 11,5 eller 10,5 kroner, avhengig av om dei har lokal forhandlingsrett eller ikkje.

Løysinga er den same som mellom NHO og LO.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har hatt ei sjølvstendig mekling med NHO og har fått eit tilbod vi har takka ja til. Vi har fått den rørsla vi trong for å komme fram til eit resultat, seier YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud til NTB.

YS-leiaren seier han er glad for at NHO kom YS i møte, og at streiken no er over.

– Vi har fått ei god lønnsramme, ein mykje betre balanse mellom sentrale og lokale tillegg, og vi har sørgt for at dei lågtlønte kjem betre ut. Det viser at streiken var nødvendig, seier han i ei pressemelding.

1.441 YS-medlemmer har sidan måndag vore i streik etter at meklinga med NHO braut saman.

(©NPK)

Nesten 25.000 arbeidstakarar har vore i streik sidan måndag. Foto: Lars Thomas Nordby / NTB / NPK