Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er villig til å komme SV i møte i forhandlingar om revidert straumstøtteordning. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Støre har skaffa seg arbeidsro – varslar nye endringar i straumstøtta

Det vil komme nye og potensielt store endringar i straumstøtta, varslar statsminister Jonas Gahr Støre. No ventar tøffe forhandlingar med budsjettpartnar SV.

– Vi får innspel frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om korleis hushalda har fått straumstøtta og korleis vi bruker straum. Og med den kunnskapen ønskjer vi å gjere justeringar i ordninga saman med SV for å gjere den endå meir treffsikker, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

– SV er den naturlege samtalepartnaren vår på desse spørsmåla. Vi står heilt og fullt ved avtalen om å gå igjennom straumstøtteordninga til hushalda, understrekar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

SV har gitt tydeleg uttrykk for eit ønske om ein tydelegare sosial profil og er bekymra for om dagens straumstøtte til hushalda er god nok. Når Støre no varslar at støtta blir auka til 90 prosent når straumprisen stig over 70 øre kilowattimen frå 1. september, er det neppe godt nok for den føretrekte budsjettpartnaren til regjeringa.

Overfor NTB karakteriserer fungerande SV-leiar Kirsti Bergstø tiltaka til regjeringa som «interessante innspel».

Støre understrekar at han ønskjer å komme SV i møte på kravet om justeringar i ordninga. SV har mellom anna teke til orde for ein fordelingsmessig meir treffsikker, trinnbasert ordning som inneber at ein berre får støtte opp til eit visst forbruksnivå.

Får éi veke på seg

Regjeringa har gitt seg sjølv eit visst armslag ved å påskunde auka straumstøtte til hushalda til 1. september. Det er også klart at regjeringa no kjem til å etablere ein styringsmekanisme som gjer det mogleg å avgrense straumeksporten for å halde oppe forsyningstryggleiken i Noreg.

– Når vasstanden fell i magasina, og då spesielt i dei viktige fleirårsmagasina, til eit kritisk lågt nivå, så skal eksporten avgrensast. Vi skal jobbe ut rammene for ein slik styringsmekanisme i løpet av veka, så nøyaktig korleis ho kjem til å bli må eg få komme tilbake til, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til NTB.

Når regjeringa også forsikrar om at det blir jobba med konkrete modellar for støtteordning til bedrifter som slit med høge straumprisar, har Høgre mellombels trekt kravet om at Stortinget blir hasteinnkalla for å ta grep om straumsituasjonen.

I staden for å samle Stortinget no, fall presidentskapet dermed ned på ei mellomløysing: Regjeringa får éi veke på seg til å komme med ein tidsplan for dei ulike straumtiltaka. Neste tysdag blir eit eventuelt hastemøte vurdert på ny.

– I møtet som regjeringa hadde med dei parlamentariske leiarane i dag, vart det etterlyst ein tidsplan på dei ulike tiltaka. Vi etterlyser no dette frå regjeringa, så vi får det på bordet før neste måndag. Då vil vi vurdere om det er behov for eit møte på Stortinget, seier stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre: Treng ikkje hastemøte

Energipolitisk talsperson for Høgre Nikolai Astrup er fornøgd med at regjeringa har lytta til Høgre sine krav. Det dempar behovet for eit ekstraordinært stortingsmøte før opninga 1. oktober, seier han.

– Vi har ikkje noko behov for å ha noko stortingsmøte før regjeringa har gjort jobben. Regjeringa må først gjere ein jobb med ei bedriftsordning slik at Stortinget har noko å ta stilling til, seier han til NTB.

Men saka kan bli aktuell igjen.

– Det det er grunnlag for, er å ha eit nytt stortingsmøte før oktober der vi tek stilling til ei bedriftsstøtteordning. Men då må regjeringa først gjere ein jobb med å greie ut innhaldet til ei slik ordning, seier Astrup.

Frp: – Handlingslamma

Frp-leiar Sylvi Listhaug er derimot ikkje fornøgd etter Aaslands orientering. Ho meiner regjeringa har vore handlingslamma i møte med straumkrisa.

– Vi har ei regjering som ikkje gjer nok for å hjelpe folk og bedrifter, seier Listhaug, som meiner deira forslag om makspris på straum ville vore det beste.

Ho seier at det no er vanlege folk som blir ramma, og dessutan at bedrifter som taper konkurransekraft.

– Energinasjonen Noreg bør ha som utgangspunkt at vi har rimeleg straum, og det vil ein makspris på 50 øre sørgje for, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raudt: Nødvendig med hastemøte

Frp har saman med Raudt markert seg som dei sterkaste kritikarane av regjeringa i straumsaka. Begge partia ønskjer framleis hastemøte på Stortinget om situasjonen.

– Regjeringa er meir prega av handlingslamming enn handlekraft, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes om straumkrisa, og legg til:

– Det er ingen tiltak for å få kontroll på straumprisane. Det er heller ingen tiltak som vil stanse eksporten av krafta ut av landet vårt, seier Moxnes til NTB.

(©NPK)

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) før møtet på Stortinget.Foto: Ole Berg Rusten / NTB / NPK
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-direktør Ole Erik Almlid møter pressa etter eit møte mellom regjeringa, NHO og LO om kraftsituasjonen. Møtet finn stad på Statsministerens kontor i Oslo måndag formiddag.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK