Ivrige: Kristin Draugedal og Marius This-Evensen klar for løypene. – Me er ivrige på langrenn og brukar ofte å gå i Nordmarka når me er heime i Oslo, fortel Draugedal.

Stemningsrapport frå vinterferieveka. – Dette er ei bortgøymt perle

VTB tok pulsen på vinterferiestemninga. Det har vore godt besøk både i skiløypene og på skisenteret.

Fyrste stopp for VTB var Skinan langrennsløyper på Grønliheia. Vêret denne veka har vore blanda, men det har vore bra føre både for nedoverski og bortoverski. Tysdagen på Grønliheia var det overskya og rundt null.

Dei fyrste lokalavisa møtte på i skiløypa var Kristin Draugedal og Marius This-Evensen. Dei hadde akkurat spent på seg skia og var klare for tur.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mor og far er frå Kviteseid og me har hytte i Dalane. Så me er på hytta stort sett kvar vinter-, påske- og sommarferie. Samstundes som me er ivrige på langrennsski så er me alltid innom Soria Moria på Dalen for badstove og isbading, fortel Draugedal.

– Så de følgjer ikkje straumen og er på Rauland?

– Me var der mykje tidlegare. Men dei siste åra har me vore mykje her på Skinan. Her er det eit stort og fantastisk løypenett som strekker seg heilt til Høydalsmo. Dette er ei bortgøymt perle, synest Draugedal.

– Nei, no må me kome oss i veg før eg byrjar å fryse, bryt Marius inn.

Det er tydleg at løypenettet på Grønliheia er eit populært område. Charlie og Chanell Nordskog er på tur med mor Malin og bestefar Bjørn Moen.

– Charlie og Chanell er ivrig på langrennsski med bestefar. Me var tidleg ute i dag for å unngå regnet som er meldt. Eg er frå Dalane, men bur no på Ulefoss, seier Malin, før dei hastar vidare.

Spreke: Desse spreke ungane med bestefar og mor var også på tur denne dagen. Chanell Nordskog (f.v.), Bjørn Moen, Charlie Nordskog og Malin Nordskog.

Aktivitetsdag for store og små

Telemark Wintertour har vore over heile Telemark denne veka med aktivitetsdag for store og små. Torsdag var dei på vitjing på Vierli. Her stilte dei med fint selskap. Olympisk meister i slalåm, Hans-Petter Buraas, var med og leia blant anna eit minirenn. Andre aktivitetar dei hadde var konkurransar med premiar, bålpanner folk kunne varme seg ved, gratis pizzastykke, musikk og stand frå ulike friluftslivsleverandørar.

Minirenn: God innsats i minirennet frå dei minste deltakarane.

Dagleg leiar Kristin Larsen ved Rauland skisenter/Vierli anlegg var eit stort smil over frammøtet denne torsdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vêret er litt vekslande i dag, men me er i ferd med å gjennomføre ein veldig god sesong i anlegga våre, faktisk ein av dei beste. Det er tre gode veker for oss no. Førre veke hadde danskane vinterferie, denne veka er det Telemark og Vestfold og neste veke har Vestlandet vinterferie. Dette er viktige målgrupper for oss, fortel Larsen.

Litt kjent: Lukas Mikkelsen fekk to rosinpakker og vann litt solkrem. Det var dagens fangst på arrangementet Telemark Winter Tour. – Farmor kjem her frå så eg er litt kjent i område, fortel Lukas.

Snøfattig i Alpane

– Kva har de gjort for å få så stor suksess?

– Me har marknadsført oss mykje mot Danmark, og Telemark, Vestfold og Vestlandet ligg nære oss. Samstundes har det vore snøfattige vintrar i Alpane, så turistane trekkjer nordover for å finne gode snøforhold. I år er det også godt med snø her i Rauland, forklarar Larsen.

– Valutakursen er vel også gunstig, med tanke på den svake norske krona?

– Det er klart den er viktig. Samstundes har me trufaste kundar. Dei same kjem attende til oss år etter år, seier Larsen.

Etter kvart blir plassen fylt opp med glade skifolk og arrangementet startar. Olympiameister Buraas tek seg tid til ein rask prat.

– Eg har ein kompis som jaktar mykje i Vinje, og så fekk eg lyst til å sjå Vinje. Kanskje eg slenger meg med ein runde i rennet me skal ha. Min motivasjon for å vera med på arrangementet er å skape frilufts- og skiglede blant ungane, fortel Buraas medan han sette opp gjerde- og reklamevimplar.