I ein prosess: Ann Wraa er kommunalsjef for helse og omsorg i Tokke kommune. Ho fortel at dei i haust har hatt utfordringar i arbeidsmiljøet i administrasjonen i etaten. Bildet er frå ei politisk møte tidlegare i haust.

Stadfestar utfordringar med arbeidsmiljøet. – Dersom ein ikkje har det bra, så påverkar det alle meir eller mindre

I haust har administrasjonen i helse og omsorg i Tokke kommune hatt utfordringar med arbeidsmiljøet. – Det har stort sett gått på at enkelte avvik har hatt hatt lang behandlingstid, seier kommunalsjefen.

Ann Wraa er kommunalsjef for helse og omsorg i Tokke kommune. Ho stadfestar at det i haust har vore utfordringar knytt til arbeidsmiljøet i administrasjonen i etaten.

– Det har stort sett gått på at enkelte avvik har hatt lang behandlingstid, fortel Wraa til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom det tek lang tid å løyse enkelte problem og utfordringar, så påverkar det iblant både miljø og humør. Me er ei lita avdeling som arbeider tett saman, så dersom ein ikkje har det bra, så påverkar det alle meir eller mindre, legg ho til.

Kommunen har engasjert KS (Kommunesektorens organisasjon) i saka.

– I løpet av hausten har me hatt ein prosess med alle tilsette i avdelinga, der me har kartlagt det som opplevast som utfordrande, og korleis me alle er med på å skape eit betre miljø, seier Wraa.

Føler det blir tatt på alvor

Birgith Stordrange er hovudtillitsvalt for Sjukepleiarforbundet i Tokke. Ho stadfestar også at dei jobbar med arbeidsmiljøet i administrasjonen innafor helse.

– Me har hatt KS-konsulentar inne, som snakkar både med kvar enkelt og i fellesmøte, og me har hatt møte med både stab og leiarar på avdelinga som kommunalsjefen leiar, seier ho.

Stordrange meiner dei har hatt gode møte og at leiinga har jobba godt med saka.

– Eg føler absolutt at dette blir tatt på alvor. Det tok litt tid før det vart tatt tak i, men noko må også ta litt tid. Alt kan ikkje bli løyst på fjorten dagar, påpeikar ho.

Stordrange fortel at dei er eit lite miljø med sju personar som jobbar tett saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tenker ikkje at me har eit dårleg arbeidsmiljø, me snakkar godt saman, legg ho til.

Hovudverneombod Monica Tjønn Lunde er også kopla på saka.

– Me er inne i ein prosess og saka vert løfta opp. Dei tilsette har fått uttala seg i eit fellesmøte med administrasjon og hovudverneombod, kommenterer ho.

Hanne Karin Berglie er hovudtillitsvalt i Fagforbundet i Tokke, og fortel at ho kjenner til saka, men har ikkje vore i noko møte med leiinga om denne saka.

– Eg kjenner til saka om arbeidsmiljøet innafor helse og omsorg, og håpar det blir tatt tak i og at dei finn løysingar på dette, kommenterer Berglie til VTB.