Meteorologisk institutt: Stadfestar kulderekord

Aldri før har det blitt målt så kaldt som i natt på målestasjonen i Høydalsmo, minus 33,8 grader.

Det opplyser meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt til NTB, skriv VG.

Høydalsmo var éin av til saman 15 målestasjonar på Austlandet det har blitt sett rekordar i løpet av kuldebølgja, og var den nest lågaste målinga. Aller kaldast var det på Geilo, med 33,9 kalde. Gvarv var den andre målestasjonen i Telemark med ny kulderekord, med 23,1 minusgrader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Haga presiserer vel og merke at mange av stasjonane med rekordar fyrst vart oppretta på 2000-talet – og at ein del av dei gamle rekordane er frå 2010-talet.

Rekorden på landsbasis er på heile -51,4 grader, sett i Karasjok i 1885, og faren for at den blir slått er høgst truleg over for denne gong, Haga fortel at mildvêret alt har kome til Nord-Noreg, og vil krype sørover utover veka.

Målestasjonar med rekordar på Austlandet

• 33,9 minusgrader på Geilo

• 33,8 minusgrader i Høydalsmo

• 33,7 minusgrader i Aurskog

• 32 minusgrader på Kjeller

• 31,1 minusgrader på Bjørnholt i Oslomarka

• 30,9 minusgrader i Kongsvinger

• 29,9 minusgrader i Hakadal

• 27,1 minusgrader i Hønefoss

• 26,3 minusgrader i Drammen

• 23,7 minusgrader på Kvitfjell

• 23,2 minusgrader i Gvarv

• 22,6 minusgrader i Sarpsborg

• 18,7 minusgrader på Strømtangen fyr

Kjelde: Meteorologisk institutt til NTB, via NRK