
Sommargjesten: Teo vil vere ein rollemodell for å spreie basketball blant andre unge
Namn: Teo Nestestog Tennant
Alder: 15
Bur: Vinjeflaten
Gjer: Går på ungdomsskule og spelar basket
Kva er planane dine denne sommaren?
Spele basket så mykje som råd, slik at eg blir best mogleg trent før hausten. Eg har planar om å søke meg inn på eit privat toppidrettsgymnas, og dei startar uttaksprøvene allereie hausten i tiande klasse. Og eg må inn på privatskule, sidan det ikkje finst toppidrettsgymnas med basketline innanfor fylkesgrensene. Slik er reglane.
Har du eit sommarminne du vil dele?
Eg har mange gode minne frå basketcamp. Eg er på det i Bergen kvar sommar, og tidlegare i år var eg på ein i England. På basketcampane får eg møte high-level spelarar. På campen tidlegare i år møtte eg til dømes Cliff Morgan, som er «assistant player development coach» for eit NBA-lag.
Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?
Far min. Han bruker sinnssjukt mykje tid på å køyre meg rundt. Nå på tysdag, til dømes, hadde han ein kjempelang arbeidsdag, og så sette han seg rett i bilen og køyrde meg til Kongsberg slik at eg fekk snakke med ein trenar der og ha ei lita treningsøkt. Det set eg sinnssjukt pris på.
Kva opptek deg i lokalmiljøet?
Eg ønskjer å få basket så stort som råd, og sporten blir meir populær viss ein har rollemodellar å sjå opp til. I Kongsberg har dei eit profflag, men det manglar me her. Så då prøver eg å vere ein rollemodell.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?
På trening. Eller på fotballbanen med venner. Eg liker å spele fotball også; det er sosialt. Elles elskar eg å vere ved vatnet. Seine sommarkveldar ved Vinjevatn er det beste som finst.
Kva ville du ha vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
Alle menneska her. Det gode miljøet, der alle kjenner alle. Og Veksfjødd, som ligg rett ved der eg bur. Frå toppen kan du sjå til både Bøgrend, Rauland og Åmot.
Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?
Det er ein fantastisk dialekt, men eg kjem ikkje på noko særskilt uttrykk.
Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
Familien min.