Premie: Anne Høgetveit Teigen tek fornøgd i mot reflekspremie.

Småskuleelevane har gått 767 rundar på ski på knappe to månader

Fredag var det premieutdeling for elevane i fyrste- til fjerdeklasse. Mange av lærarane og elevane hadde også kledd seg ut. Arrangementet vart avslutta med å gå til Grovenjordet for å løype.

Innsatsen har vore upåklageleg og dei fleste har gått minst ein runde. Runden var på om lag 1 km viss ein tek med turen opp frå skulen til løypa. Løypa har vorte køyrd opp av Vinje idrettslag. Primus motor for skitrimmen har vore læraren Knut Tore Bratland. Han rekna på harde livet før premiane vart delt ut. Trimmen har vart frå litt over nyttår til fredagen, og elevane har gått rundane i storefri.

Jamt mellom klassene

I tillegg til at alle som hadde gått rundar fekk premie, så var det også trekning av premiar frå Fristadsenteret og Statkraft til vinnarane. Lærar Kjersti Andersen hadde også kledd seg ut for dagen og var særs fornøgd med elevanes innsats.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt skitrimmen for å fremje samhald, fysisk aktivitet og skiglede. Det har vore over all forventning. Eit døme er ein syrisk gut som kom hit i november i fjor og som aldri hadde gått på langrennsski. No går han som om han aldri skulle ha gjort noko anna, sa Andersen.

Det var også vandreplakett for den klassa som hadde gått flest rundar i gjennomsnitt per elev. Plaketten vart delt mellom fyrste- og fjerdeklasse etter eit rekordjamt løp. Tala for dei to klassene var 15,40 og 15,47 rundar.

Mangfaldige kostyme

Det var mange av elevane som hadde kledd seg ut for dagen. Her såg ein Batman, Elsa frå Frost, dinosaur, hare og fe. Skitrimmen har dei arrangert i fire år. Fjerdeklassingen Isabell Obarico Ringhus har vore veldig ivrig og har gått over 10 rundar.

– Det var skikkeleg moro å få premie og det er god trim å gå på ski. Samstundes er det veldig artig å skøyte på langrennsski. Å gå klassisk synest eg er kjedeleg, seier Ringhus under ein pust i skibakken.

Fyrsteklassingen Ellen Ljostad var ein av dei som hadde kledd seg ut.

– Eg hadde ikkje utstyr til å kle meg ut som sommarfugl, så då vart det til at eg kledde meg ut som ei fe, seier Ljostad.

Populær: Haren var populær blant barna og mange vil kjenne på den mjuke drakta.
Fe: Ellen Ljostad som fe hadde lagt ned ein stor innsats.
På ski: Martine Gardsteig Kostveit likar Elsa i filmen Frost og hadde tatt på seg eit skjørt som Elsa har.
Lærar: Knut Tore Bratland stilte opp som nissen når han delte ut premiar og stod for trekninga av premiane lue, refleks og termos.
Fornøgde: Fornøgde vinnarar av trekniga av premiane lue, refleks og termos.