Slik skal Arbeidarpartiet kutte straumprisane – foreslår fast Noregspris på 40 øre
Arbeidarpartiet vil kutte straumprisane og foreslår å innføre ein fastpris på 40 øre per kilowattime (kWh) for heile landet.
– Med Noregspris gir vi folk kontroll over straumprisen. Viss det viktigaste er å ha føreseielegheit, vil ein fast pris på 40 øre per kilowattime kunne vere eit godt alternativ til straumstøtte, seier Jonas Gahr Støre.
Fastprisen på 40 øre/kWh pluss moms vil vere eit valfritt alternativ til dagens straumstøtteordning, der staten dekkjer 90 prosent av kostnadene i enkelttimar der spotprisane er høgare enn 75 øre/kWh
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi gir folk eit val mellom to ulike ordningar, og dei kan sjølv avgjere kva som er rett ordning for dei, seier Støre vidare.
Fastpris frå 1. oktober
Fastprisen skal gjelde for hushald og fritidsbustader og er basert på historiske gjennomsnittsprisar og forventa framtidige prisar.
Regjeringa tek sikte på at fastprisordninga kan tre i kraft seinast 1. oktober 2025. Støre la fram planane på ein pressekonferanse med energiminister Terje Aasland (Ap) fredag formiddag.
Arbeidarpartiet vil i tillegg kutte momsen på nettleiga frå 25 prosent til 15 prosent frå og med 1. juli. Ein går ut frå at hushalda vil spare om lag 1,8 milliardar kroner i året på dette tiltaket.
– Vi vil i neste stortingsperiode arbeide for å fjerne momsen på heile nettleiga, seier Støre på pressekonferansen.
Lene Vågslid frå Dalen har vore medlem av Aps programkomité.
– Der tok me òg til orde for å fjerne momsen på nettleiga. Dette var noko alle fylkeslaga i Ap var opptekne av, og mange i Telemark Arbeidarparti spelte dette inn i programprosessen. At me alt no kan starte arbeidet med å redusere momsen frå 25 til 15 % vil merkast. Vår energiminister og statsminister er tydelege på at dette er første steg mot det programkomiteen har føreslått, nemleg full avvikling av moms på nettleige i neste stortingsperiode, seier Vågslid til VTB.
Blanda reaksjonar
SV-leiar Kirsti Bergstø jublar over planane om fastprisordninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Heilt nydeleg at Arbeidarpartiet endeleg kjem med tiltak som kan sikre stabile og lågare straumprisar og meir politisk styring over krafta. Vi har fleire gonger foreslått liknande tiltak for regjeringa, seier ho i ein kommentar til NTB.
Raudt og Frp er likevel ikkje like begeistra.
– Dette er for lite, for seint. Det er ein fadese at regjeringa har venta så lenge med å lansere nye tiltak for lågare og meir stabile straumprisar. Det er bra med fastprisavtalar for hus og hytter ein gong etter valet, men ordninga går ikkje langt nok, seier Raudt-nestleiar Sofie Marhaug.
Frp: for lite
– Det er bra at Støre no byrjar å vakne etter at folk har betalt altfor mykje for straumen i over 3 år, men framleis løyser ikkje desse tiltaka dei grunnleggjande systemproblema i norsk kraftpolitikk, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Høgre-nestleiar Tina Bru er positiv til forslaget, men usikker på om akkurat dette tiltaket er rett metode.
– Det er positivt at regjeringa endeleg gjer det enklare for folk å teikne fastprisavtale på straum, viss dei ønskjer det. Om dette er den rette måten å gjere det på, må vi sjå nærare når vi har fått heile forslaget, seier ho.
Seier nei til EU-direktiv og utanlandskablar
Straumtiltaka blir lanserte dagen etter at Senterpartiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet på grunn av ein betent konflikt sentrert rundt tre EU-direktiv frå den såkalla Rein energi-pakken.
Aasland seier samtidig, som Støre gjorde torsdag, at regjeringa ikkje kjem til å innføre resten av direktiva i pakken. Han viser til ein uføreseieleg kraftmarknad ute i Europa.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ansvaret til regjeringa å sikre ei velfungerande straumforsyning i Noreg. Ustabiliteten i kraftmarknadene er stor, og kvart direktiv skal vurderast for seg. I denne situasjonen er det ikkje i norsk interesse å behandle desse direktiva, seier Aasland.
Regjeringa vil også be Statnett om å ikkje starte planlegginga av nye undersjøiske straumkablar fram til 2029.