Skjerpa anbefalingar for reisande til og frå Oslo

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark anbefaler befolkninga i fylket å unngå kollektivtransport til og frå Oslo.

Det melder Fylkesmannen i ei pressemelding måndag.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har i formiddag vore i møte med leiinga frå kommunane i fylket. Formålet med møtet var å skape ei felles haldning til korleis ein skal forhalde seg til det auka smittetrykket i Oslo og i eige fylke. I møtet vart særleg pendling til og frå Oslo tematisert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vart einige om at dei anbefalingane Folkehelseinstituttet har kome med til kommunar som har nær kontakt med Oslo gjennom pendling skal følgjast når det kjem til reiser til og frå Oslo. Det betyr at me no anbefaler følgjande:

– At befolkninga unngår kollektivtransport til og frå Oslo.

– At ein bruker munnbind på reiser til og frå Oslo der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Vidare oppfordrar me dei i fylket som har arbeidsplass i Oslo, eller som treng å pendle gjennom Oslo for å kome til arbeidsplassen sin, til å bruke heimekontor i staden for å reise, melder Fylkesmannen.