Blei overraska: På avslutninga til skigruppa i Seljord IL kom regionsbanksjef i Sparebanken Sør, Torhild Landberg Felle (t.h.), med ein gåvesjekk på ein million kroner til prosjektet der idrettslaget skal oppgradere skianlegget i Raudkleiv.

Skigruppa har store planar. Ynskjer at Raudkleiv skal vere eit heilårsanlegg

Skigruppa i Seljord IL blei overraska med ein gåvesjekk på ein million kroner på sesongavslutninga. Pengane kjem godt med når dei nå skal utvide og oppgradere anlegget i Raudkleiv.

Barn og foreldre som har delteke på ulike skiaktivitetar, både med langrenn og skiskyting, var samla til sesongavslutning på klubbhuset i Raudkleiv førre onsdag.

– Me summerte opp ein veldig bra sesong der det har blitt farta mykje. Seljord IL har hatt deltakarar på ulike arrangement både i lokale renn i krinsen og større nasjonale renn som noregscup for junior, hovudlandsrenn i Mo i Rana, Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen og på Liatoppen skiskyttarfestival i Ål, seier Gunnhild Tveiten som sit i skigruppa til idrettslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå skiskyttarrenn på Grønkjær: Marius Ulvestad Andersen, Markus Noraberg, Torjus Tveiten Golid og Thomas Kolnes Nordbø er fire av dei aktive skiskyttarane i Seljord som kan sjå fram til ein ny arena i Raudkleiv.

Treng fleire blinkar

På avslutninga blei dei nye planane for Raudkleiv presentert. Planar som idrettslaget har jobba med i ei årrekke. Nå kjem ei stor utbygging og endring som totalt vil kome på mellom 6 og 7 millionar kroner og gjere skianlegget meir universelt utforma og tilgjengeleg for alle. Idrettslaget har finansiert ein del av prosjektet alt, mellom anna ved at ein spelemiddelsøknad er godkjent, og den overraskande gåvesjekken på ein million kroner frå Sparebanken Sør, som regionsbanksjefen kom med på sesongavslutninga, blei også svært godt motteke.

Tveiten seier at skigruppa elles søker etter andre midlar, og håpar at dei ikkje treng låne alt for mykje pengar for å gjennomføre det store opprustingsprosjektet.

Tveiten fortel at Idrettslaget mellom anna vil asfaltere stadion (250 meter) og ljosløypa (250 meter).

Fleire blinkar på skistadion skal også kome på plass sidan idrettslaget i dag bare har seks tilgjengelege blinkar.

– Me treng å utvide arenaen, slik at me i alle fall har ti blinkar tilgjengeleg, seier Tveiten.

Frå parkeringsplassen og opp til skiarenaen er det ein bratt bakke som mange barn og foreldre kjenner som ei kneik før skikarusell og trening.

– Det er viktig at Raudkleiv er eit anlegg tilpassa alle. Den bratte vegen opp til stadion frå parkeringa har me fått mykje tilbakemeldingar om at er for bratt og lang. Foreldre kjem med små barn som skal opp for å gå på ski, eller skiskyttarane skal opp med kanskje fleire par ski og våpen for å trene, seier Tveiten.

Nå vil bakken bli slakare, og parkeringsplassen flytta opp til klubbhuset. Tveiten trur anlegget vil bli meir tilgjengeleg for alle når ein legg betre til rette, og håpar det både kan føre til auka rekruttering og at fleire kjem for å sjå på sine håpefulle som er i aktivitet i Raudkleiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tveiten fortel at det er Hovden hytteservice AS som skal ha grunnarbeidet, og at dei skal starte å sprenge for å seinke stigninga på bakken opp til klubbhuset, legge til rette for ny parkeringsplass og grunnarbeid oppe ved standplass, så snart dei er klare.

Varmebu i bakken

Idrettslaget har også planar om å bygge eit nytt 50 kvadratmeter stort heishus eller varmebrakke i alpinbakken som høyrer til anlegget på Raukleiv. Varmebua er kostnadsrekna til 900 000 kroner og ferdig finansiert av spelemidlar og midlar frå ulike sparebankstiftingar.

– I tillegg kjem sjølvsagt mykje dugnadsarbeid, legg Tveiten til.

– Bakken er så mykje i bruk, så me vil legge meir til rette for auka bruk her også. Bygget er fullfinansiert, seier ho.

Dette er planane: Desse tiltaka vil Seljord idrettslag gjere i Raudkleiv skianlegg.

Har jobba med planane lenge

Tveiten trur at oppgraderingane idrettslaget nå gjer i Raudkleiv vil opne ei ny verd.

– Med tanke på rekruttering, og at me får eit meir tilgjengeleg anlegg der ein har asfaltert løype som ein kan tråkke spor på med ein gong snøen kjem, vil anlegget kunne bli endå meir bruka.

Raudkleiv er eit populært turområde med fleire gapahukar og høve til ulike aktivitetar, ei gruppe jobbar også med planar om å få til sykkelløyper i skogen i framtida.

– Når kan ein spenne på seg rulleskia i det nye anlegget i Raudkleiv?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Draumen er at heile prosjektet skal stå klart sommaren 2024. Me ynskjer at Raudkleiv skal vere eit heilårsanlegg med tilbod om rulleskitrening og frisbeegolf til langrenn, skiskyting og alpint, seier Tveiten.

Bratt bakke: Frå parkeringsplassen og opp til skistadion er det i dag ein bratt bakke som idrettslaget nå vil endre på.
Mykje aktivitet i Raudkleiv: Dei yngste i skigruppa på skileik med Hans Flaaten og Anne Gro Lønnestad.