Skimoro: Nå får folk frå Grenland ein gyllen moglegheit til å kome seg til fjells.

Skibuss frå Grenland via Seljord til Rauland

Rauland skisenter, Visit Rauland og transportselskapet Totak sett opp buss frå Grenland til Rauland skisenter og Vierli kvar laurdag i vintersesongen.

Bussen startar på Moheim klokka 07.00 og er innom Porsgrunn, Skien, Melum, Gvarv, Bø og Seljord, og er framme på Rauland skisenter klokka 10.00. Passasjerane får busstur og heiskort i same billett.

– Det er eit litt dristig prosjekt, men me meiner at dette vil vera med på å få folk til å kome seg på ski for ein rimeleg pris. Bussane er miljøvenlege og sjåførane hyggelege, seier Bjørn Gudmund Larsen i Totak.