Landbruksdirektoratet skal sjå på kva konsekvensar utbygging av solcellepanel på landbruksareal kan få.

Skal undersøkje konsekvensane av solceller i landbruket

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fleire søknader om montering av solcellekraftverk i skog- og på beiteområde til behandling. Derfor skal Landbruksdirektoratet no greie ut konsekvensane av utbygging på slike areal.

Landbruksdirektoratet har fått i oppdrag av Landbruks- og matdepartementet å greie ut konsekvensane for jord- og skogbruksnæringa ved utbygging av bakkemonterte solcellekraftverk.

Behovet for ny, grøn kraft er stort. Stortinget har sett eit mål om at solenergi skal utgjere 8 TWH av energimiksen innan 2030. Samtidig er det gitt signal om at ein ønskjer seg solcelleutbygging først og fremst på tak og på «grå» areal, det vil seie areal som allereie er nedbygd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel er søknadene som ligg til behandling hos NVE hovudsakleg lokaliserte på «grøne» areal, altså skog, beiteareal eller anna utmark.

(©NPK)