Ny asfalt: Einaste asfalten på fylkesvegane i Vest-Telemark i 2020 kjem på Garvikstrondi i Seljord.

Skal leggje asfalt i fire kilometer på Garvikstrondi, men det er også all asfalten som blir lagt på fylkesvegane i Vest-Telemark i år.

Nærmare 60 000 meter fylkesvegar skal asfalterast i Vestfold og Telemark fylke i år.

Konkurransen om kven som skal få kontrakten er i gang. Fristen for å levere tilbod er sett til 16. april.

– Målet vårt er at vegane i fylket skal vera best mogleg ut frå dei økonomiske ressursane me har til rådvelde, seier Gunnar Berg Treidene, direktør i seksjon for samferdsel, miljø og mobilitet i fylket.

Artikkelen held fram under annonsen.

I februar kom det fram at vegane i det nye fylket Vestfold og Telemark vil få betydeleg mindre pengar til asfalt og vegmerking enn tidlegare år.

Fordelinga av midlane til dei områda som dei gamle fylka dekka, er om lag 27 000 meter i gamle Vestfold og vel 31 000 meter i gamle Telemark.

Kva vegar som skal prioriterast blir avgjort etter ein inspeksjon av vegnettet, opplyser Vestfold og Telemark fylkeskommune i ei pressemelding.

Strekningar der asfaltdekket har «aukande negativ utvikling» blir prioritert. Dette fordi konsekvensane blir store om desse vegane ikkje blir asfaltert.

Av vegane i Vest-Telemark er det berre fylkesveg 3350 på Garviksstrondi som er prioritert på lista. Vegen blir som kjent bruka som omkøyringsveg medan Rv36 mellom Seljord og Bø blir utbetra.

Les også
Natt til måndag stenger vegen mellom Bø og Seljord heilt
Les også
Stabbesteinane på Garvikstrondi er no erstatta med rekkverk

– Me ynskjer å få asfaltert mest mogleg innanfor dei rammene me har. Det er gunstig å asfaltere fleire vegar innanfor eit geografisk område samstundes, for at ikkje kostnadene blir for høge. Der trafikkmengda er høgast, blir også vegane naturleg nok mest slite. Vegar som har høgare trafikk enn gjennomsnittleg 5000 køyretøy i døgnet, har høgast prioritet, opplyser Vestfold og Telemark fylkeskommune.

– Tryggleik og trafikkstøy er også lagt inn i kriteria når vegstrekninga blir prioritet, heiter det vidare.

Les også
«Det er veldig rart at det ikkje går an å rette på fylkesvegane»
Heile lista over fylkesvegar som skal asfalterast
Fylkesvegnr.Frå-tilMeter asfaltKommune
40GS – veg SVARSTAD N, frå Holevn til under 40349Larvik
40GS – veg SVARSTAD N, under 40 til Brandsrudv.368Larvik
313GS – veg LANGS FV3131 124Holmestrand
313GS – veg LANGS FV313836Holmestrand
313GS – veg LANGS FV313631Holmestrand
353GS – veg, VOLL- SVANVIK1203Skien
356GS – veg, SVANVIK356Skien
356GS – veg, VOLL189Skien
40SMOKKESTAD – SVARSTAD3095Larvik
300KILEN MIDT RKJ – FRODEÅSTNL ØST2738Tønsberg
308SEM KRK RKJ 35- KJELLE RKJ N1053Tønsberg
311ILEBREKKE RKJ-BLIKSEKILEN3768Tønsberg
312X306 SJUE – VIVESTAD SØR4047Sandefjord
313FORTAU SNEKKESTAD316Holmestrand
313FORTAU MULVIKAVEIEN X SANDSVEIEN FV31377Holmestrand
325KJÆR RKJ 311- BAKKENTEIGEN RKJ1889Horten
3048HELGELAND X 3228 – LARDAL/LARVIK3803Larvik
3102ELGESTAD X 308- EKENES N X 3091315Færder
3114WERGELANDS VEG (X TRUDVANGVN – X 3112)480Tønsberg
3228GÅSERUD X 40 – HELGELAND X 30481460Larvik
32FERIST- BAKKANE2615Siljan
32HOLTESLETTA590Siljan
32KREPPA BRU – GJERPEN KYRKJE X KV2080Skien
32HAUEN RKJ – HOVENGA2421Skien
353SVANVIK X Fv356 – SKYGGESTEIN X Rv366283Skien
356KNARDALSTRAND X Rv36Rkj640Porsgrunn
357GRØTSUND – SKOTFOSS1720Skien
357MYREN RKJ100Skien
3264LILLEGÅRDEN XFv3260 – RØRA3607Porsgrunn
3282PLESNERPARKEN X Fv32 – X Kv GJERPENSGT796Skien
3328GARVIKSSTRANDA4000Seljord
3350STATHELLE X 352 – SKJÆRGÅRDEN Rkj4346Bamble
Totalt meter58 295