Seljord-ordførar: Beate Marie Dahl Eide (Sp).

«Situasjonen vi står i krev at vi alle tek ansvar for både oss sjølve og fellesskapet»

Ordføraren i Seljord har lagt ut denne teksten til innbyggjarane.

Kjære alle saman!

Situasjonen vi står i krev at vi alle tek ansvar for både oss sjølve og fellesskapet. Styresmaktene har idag sagt at alle som har reist utanfor Norden etter 27. februar skal vere i karantene i 14 dagar når dei kjem heim. Vi ber på det sterkaste om at dette vert respektert!

Artikkelen held fram under annonsen.

ALLE som er forkjøla eller er sjuk på annan måte skal halde seg heime frå jobb. Vi let sjølvsagt vere å handhelse og klemme. Vi må alle bidra i dugnaden for å hindre meir spreiing av smitte og at folk vert unødig sjuke og i verste fall døyr på grunn av dette viruset.

Arrangement

Seljord kommune oppmodar alle om å unngå å samlast dei neste 14 dagane, for å bidra i denne nasjonale dugnaden for å stoppe virussmitta. Er du i tvil om akkurat ditt arrangement kan du ta kontakt med kommuneoverlegen.

Serveringsstadar

I tråd med nasjonale føringar har kommunelegen vedteke å stengje sitjande servering ved alle serveringsstadar i Seljord kommune til og med torsdag 26.03.2020. Serveringsstadar utan matservering vert også omfatta av dette vedtaket.Dette vert gjort med heimel i Smittevernlova § 4-1. Perioden kan verte forlenga. Utsalsdelar og take away-levering kan halde fram.

Skule og barnehage

Alle skular og barnehagar i Seljord kommune vert stengt til og med torsdag 27.03.2020. Dette kan verte forlenga. Elevane vil få undervisning via ipad (Showbie) og informasjon vert gjeve via Visma.

Innbyggjarar med samfunnskritiske oppgåver med barnehageborn og born på småskuletrinnet vil få eit omsorgstilbod ved Seljord barnehage avd. Tussejuv og ved Seljord barneskule.

Helse- og omsorg

Omsorgsinstitusjonane våre er stengt for besøk, med unnatak for besøk til terminale pasientar (etter avtale med institusjonen).

Alle helsetenestene våre vil kun levere øyeblikkeleg hjelp/legevakt. Timeavtalar på legekontor, helsestasjon, fysioterapi og psykisk helse vert i første omgang utsett i to veker.

Kultur- og fritidsaktivitetar

Granvin kulturhus, Seljord Bibliotek, Sterke-Nils senteret, Frisklivssentralen, kulturskulen, vaksenopplæringa og dagsenteret på Nestunet er no stengt. Symjehallen er stengt for sesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunehuset

Kommunehuset og NAV er dei neste 14 dagane stengt for publikum utan avtale. Vi oppmodar til å ta kontakt via telefon, e-post eller andre digitale løysingar.

Beredskap

Beredskapsleiinga i kommunen møtast jamnleg for å evaluere situasjonen og å drøfte førebyggjande tiltak.

Ta vare på kvarandre, vis omtanke sjølv om du held fysisk avstand, husk at det som er ufarleg for deg faktisk kan ta livet av nokon du eller folk du kjenner er glad i.

Innhaldet er kommunisert på andre måtar til dei tilsette i Seljord kommune og til aktuelle aktørar i næringslivet.