Premiebidraget: Med dette pingvinbiletet frå Antarktis fekk Silvia Furtwängler plass blant dei 1000 beste av over ein halv million bilete.

Silvia frå Møsstrond premiert i verdas største fotokonkurranse

Ein mosaikk av pingvinar lyftar Silvia Furtwängler inn blant dei 1000 beste av over 509 000 bilete i verdas største fotokonkurranse.

– Halleluja, utbryt den overraska fotografen og hundekøyraren på Møsstrond når VTB gratulerer henne med plasseringa.

Topp 31-1000 kan høyrast ut som lite å juble for, men det er berre 0,2 % av dei over 509 000 innsendte bileta i CEWE Photo Awards som vert plukka ut til desse topplasseringane. Furtwängler har deltatt i konkurransen før, og er klar over det tronge nålauget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje lett å bli premiert, så eg er veldig glad for det.

Furtwängler har alltid med seg kameraet og bruker kvar augeblink til å ta bilete.

– Målet mitt er å gjere folk merksame på den vakre naturen og dyrelivet med bileta mine, og inspirere dei til å gå ut og oppleve naturen.

Ho jobbar som ekspedisjonsguide, og bileta av pingvinane tok ho på sin fyrste tur til Antarktis.

– Fyrste gong eg såg hundrevis av pingvinar var ubeskriveleg, fortel fotografen.

– Fyrst merkar du lukta og deretter den høglydte samtalen. Då eg såg dei vaksne pingvinane koma opp av havet med mat og gå rett mot ungane sine, forstod eg kor sterke band dei har til kvarandre.

Skandinavia markerer seg

Furtwängler sitt bilete er eitt av 49 skandinaviske bilete som er inne blant dei 1000 beste. Det gler den norske prisbelønte naturfotografen og biologen Audun Rikardsen, som har vore med i den breitt samansette juryen.

– Det er sjølvsagt litt ekstra stas at nordbuarar markerer seg blant så sterk internasjonal konkurranse, uttalar Rikardsen i ei pressemelding frå arrangørane.

Artikkelen held fram under annonsen.

To norske bilete er på topp 11-30-lista.

Under isen: Dette biletet av fugleføter sett gjennom isen er på 11-30-lista.
Isbjørnidyll: Også her er undersida av isen med, sidan delar av kameralinsa er under vatn.
Konkurransefakta

• CEWE Photo Award er verdas største fotokonkurranse, og fekk i år inn 509 612 bidrag.

• Bidraga er sendt inn frå totalt 54 250 amatørfotografar og profesjonelle fotografar frå 147 land.

• Det er ti kategoriar: Sport, menneske, landskap, dyr, arkitektur og teknologi, natur, reise og kultur, mat og matlaging, hobby og fritid og luftfoto.

• Juryen er sett saman av fotografar og ekspertar frå heile verda, og har blitt leia av Michel Comte.

• For kvart innsendte bidrag i konkurransen donerer CEWE 10 cent til SOS Barnebyar sitt arbeid. Donasjonen frå årets konkurranse er på 50,961 euro.

Kjelde: CEWE Photo Awards Skandinavia