I full fart på veg over Møsvatn på skuter.
I full fart på veg over Møsvatn på skuter.

Hundevenen på Varmevoll

Silvia Furtwängler (54) fall pladask då ho besøkte Møsstrond åtte år sidan. Det førte til ein rask telefon heim til ektemannen i Tyskland, og kort tid seinare flytta dei dit. Med 30 hundar.

Håret til personen framfor meg på skuteren er like vilt og vakkert som naturen rundt Møsvatn. Me tek oss fram på den einaste måten som er mogleg på denne tida av året. Så lenge isen er tjukk nok går det fort å kome seg frå Varland til Varmevoll. Når isen på Møsvatn begynnar å smelte derimot, då er det verre.

På ein gard midt i måleriet Møsstrond bur familien Furtwängler. Silvia, Jürgen og sonen Steven. Og, etter kvalpekullet på fem tidleg i mars, 35 hundar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Før i tida var eg profesjonell handballspelar. Då eg ein dag fekk beskjed av legen min om at både rygg og kne var så dårlege at eg ikkje kunne halde fram med det, var det på tide å finne noko anna å drive med. Då blei det hundekøyring, smiler Silvia. No har ho halde på profesjonelt i over halvparten av livet sitt.

– Eg kjøpte meg ein sibirsk husky, og prøva å finne eit miljø i Tyskland. Det var det ikkje mykje av. Men, eg starta så vidt. Berre eg og den eine hunden reiste på turar i fjella for å øve oss. Seinare deltok me i det største hundeløpet i Tyskland. Med pulk. Eg merka at eg hadde musklar på stader eg ikkje ante. Eg kunne jo ikkje gå på ski, og var kjempesliten. Og det verka det som at hunden var òg. Men så, berre ein kilometer før mål, blei hunden kjempesprek og sprang som ein helt. Då forstod eg at han hadde lurt meg.

Snøballen trillar vidare

Silvia er på veg inn i huset på Varmevoll etter ein kald skutertur.
Silvia er på veg inn i huset på Varmevoll etter ein kald skutertur.
I hundegarden blir det fullt liv så fort Silvia nærmar seg. Alle vil ha litt kos.
I hundegarden blir det fullt liv så fort Silvia nærmar seg. Alle vil ha litt kos.
På denne kjem Silvia seg til og frå sivilisasjonen på vinterstid.
På denne kjem Silvia seg til og frå sivilisasjonen på vinterstid.
Slik fungerer skiltinga på Møsvatn.
Slik fungerer skiltinga på Møsvatn.
Steven og Silvia elskar livet på Varmevoll.
Steven og Silvia elskar livet på Varmevoll.
Tidleg i mars kom det eit nytt kvalpekull. Her får ein av dei små krabatane kjenne på litt frisk luft.
Tidleg i mars kom det eit nytt kvalpekull. Her får ein av dei små krabatane kjenne på litt frisk luft.
Her bur familien Furtwängler.
Her bur familien Furtwängler.
Her har familien starta med å byggje nytt hus.
Her har familien starta med å byggje nytt hus.
Øvst heng deltakarbeviset frå Finnmarksløpet i år, under heng eit motiverande sitat.
Øvst heng deltakarbeviset frå Finnmarksløpet i år, under heng eit motiverande sitat.

Silvia fortel at det raskt gjekk opp for ho at ho ikkje blei fødd med ski på beina slik som nordmenn ryktast å vera, så det einaste som hjelpte var øving. Mykje øving.

– Eg innsåg tidleg at dette var noko eg ville gjera, og aller helst med slede. Då trong eg fleire hundar. Så, eg skaffa meg fleire.

– Eg hadde fire hundar, og ville ha fem. Så ville eg ha seks. Så ville eg ha sju. Du vil alltid ha ein til. Tolv. Fjorten. Plutseleg forstod eg at det var dette eg ville gjere resten av livet. Å køyre lange hundeløp saman med dei.

Ein distraksjon blei til ein hobby. Og så blei hobbyen til ein jobb.

– Då eg framleis budde i Tyskland reiste eg opp i fjellet nesten kvar dag. Ein dag fann eg ut at det var på tide å prøve seg i Yukon Quest i Alaska. Det er eit 1600 kilometer langt hundeløp, som er veldig tøft. Faktisk eit av dei tøffaste i verda. Dette var i 2001. Problemet var at eg ikkje hadde nok hundar. Eg reiste med ein av mine eigne, pluss eit lag med hundar eg hadde fått lånt meg. Me gjorde vårt beste, men det var umogleg å kome over mållina. Eg kom halvvegs, da.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så du køyrde 800 kilometer?

– Ja … Det er vel ikkje så dårleg. Men det var litt skuffande likevel, ler ho.

Starten på noko større

Inne i den koselege stova med den storslagne utsikta sit me og ser utover isen. På ein måte bur dei midt i ein einaste stor hyttedraum. Silvia har eit alvorleg uttrykk i andletet. Ho hugsar følelsen av nederlag.

– Etter det mislykka løpet i Alaska blei eg veldig opphengt i å skulle køyre det ferdig ein dag. Eg var eigentleg ganske deprimert sidan eg ikkje hadde greidd det. Så då begynte eg å bygge mitt eige lag.

Det var då ideen slo ho. Ideen alle i hundekøyrarmiljøet synest var heilt sprø.

– Tanken min var at dette måtte vere mogleg med hundar som andre hundekøyrarar ikkje syntest var gode nok. Eg ville vel ha ei ekstra utfordring, i tillegg til at eg ville vise hundar som ikkje hadde hatt det så veldig bra i livet at det gjekk an å få det betre. To år seinare, i 2003, begynte eg å øve med eit lag på 14 hundar. Folk lo av meg som ville prøve å få det til med dette hundelaget. Men eg var sikker på at det skulle gå.

Månadsvis med hardtrening var i gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg sa til meg sjølv at viss eg stolte på hundane og dei stolte på meg så var dette heilt og fullt mogleg. Det gjekk ikkje så bra den fyrste gongen me øvde. Me gjekk tilbake til start. Neste gong begynte dei å slåss. Men, etter kvart begynte ting å losne litt, og så kom dei overeins til slutt. Dei innsåg at dei måtte godta at dei var forskjellige. Og at dei kunne leike og tulle alt dei ville når dei hadde fri, men at det måtte disiplin til når me arbeider. Endå to år seinare att var me klare for å prøve på nytt.

Silvia gjekk då over mållina i Alaska med ni hundar. Dei som ikkje blei med heile vegen let ho sleppe fordi ho såg på dei og dei ikkje var glade meir. Dei var ikkje sjuke, men dei kosa seg ikkje med løpet. Det oppsummerer i grunn kva forhold ho har til dei kjære hundane sine.

– Dei var stjernelaget mitt, seier ho.

Ho søv ute i fleire netter på rad. Saman med hundane ho elskar. I førti minusgrader. Og ho ville ikkje hatt det på nokon annan måte. Silvia er i dag den kvinnelege hundekøyraren i verda som har vore med i flest løp. Det er det ikkje så mange som veit, trur ho.

I Amundsens fotspor

Tretti år seinare har ho tretti hundar. Som det etter kvart blei veldig trongt å halde i Tyskland.

– I 2008 fann eg ein gamal avisartikkel om Roald Amundsen sine fotspor. Han hadde prata så varmt om Møsstrond og Hardangervidda, og fortalt om korleis han øvde seg her oppe før ekspedisjonen. Det fekk meg til å ville kome hit for å sjå korleis det var. Eg budde på Skinnarbu Hotell ei stund, medan eg gjekk rundt ute i naturen. Det tok ikkje lang tid før eg var forelska. Eg kryssa Hardangervidda slik Amundsen gjorde, og då var det gjort. Eg ringde mannen min og sa at han måtte kome hit og sjå. Det gjorde han, og han var heilt einig.

Seks veker seinare kom dei tilbake til Skinnarbu, og budde der i to månadar medan dei såg seg ordentleg rundt. Då hadde dei reist frå alt i heimbyen Dingolfing i Tyskland, og bestemt seg for å bli i Noreg. Jürgen hadde fått seg arbeid på Rjukan, og alt var klart – sett bort frå eit hus å bu i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var heldigvis ein av naboane våre her oppe som visste om eit hus som skulle leigast ut, sidan eigaren skulle flytte til Svalbard for nokre år. Det var perfekt, seier Silvia.

Heiltidsarbeid

I dag lever ho av hundekøyringa. Ho skriv bøker, har store sponsoravtalar og held foredrag for forskjellige selskap. Ho lever rett og slett av historiene sine.

Mannen og sonen har alltid vore ei uvurderleg støtte for Silvia. Og dei motiverer ho på tunge dagar. Familien Furtwängler latar til å vera ein usedvanleg nær familie, og Silvia er full av lovord om heimelaget sitt. Likevel er det eit par gonger i året at ho nyt tida for seg sjølv.

Steven og Jürgen arbeider begge to på Rjukan. I overgangstidene, medan isen er utrygg, bur dei i ein leilegheit på Rjukan saman. Silvia er då att på Varmevoll. Og det er den beste tida på året, meiner ho.

– Eg fyller opp frysaren og kjellaren med mat, også berre nyt eg den tida. Når isen forsvinn, vatnet sildrar, fuglane er på veg tilbake… Det er berre ei kjempefin tid. Kvart år legg eg merke til noko nytt i naturen her oppe, smiler ho med auga att og eit fredfullt uttrykk i andletet. Det er tydeleg at ho gler seg.

Lyttar alltid til hundane

Tidleg i mars i år var ho med på Finnmarksløpet. 500 kilometer på fem dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho starta med ni hundar, og gjekk i mål med fem. Som er det absolutte minimum. Etter kvart som fleire hundar datt av, endra ho målet sitt.

– I utgangspunktet ville eg gjerne vere blant topp tjuge. Men, ein må vere budd på å endre målet sitt undervegs. Hundane som var att var glade og spreke heilt til siste slutt, sidan eg gav dei pausane dei trong. Dette synest eg er ein fin leveregel generelt. Når du ikkje målet ditt, må du endre det.

Pausane var så lange som dei måtte vera. Køyrarane som kom forbi ho spurte kor lenge dei skulle vente. Då ho svara at det kunne bli bortimot ti timar blei dei veldig overraska.

– Eg sa at eg var klar over at det var lenge, men at eg likar å gå over mållina med glade hundar.

Følte seg utanfor

Familien hadde tenkt på det i årevis. Å reise frå Tyskland.

– Me er glade i livet utandørs. I fjella. Det er ein stor forskjell på nordmenn og tyskarar der. Eg følte meg meir heime her. Her elskar folk å vere ute. Så fort klokka slår fire ein fredag ettermiddag, kler dei på seg og spring ut. Det er perfekt for meg.

– Det som ikkje passar så godt her er den supersosiale personlegdomen min. Eg trur eg må ha nokre spanske gen i meg utan at eg er klar over det. Huset mitt er alltid ope for vener. Eg er utadvent og inkluderande. Det er litt motsett av mange nordmenn. Det var nok ein del her oppe som tenkte «herregud, kva er det med denne dama?».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var så mange som sa at eg burde vere meir som ein nordmann, men det går ikkje. Det er ikkje mogleg. Eg har ikkje dette vikingblodet i meg. Eg respekterer kulturen, folket og særtrekka deira, men nordmenn må forstå at når utlendingar kjem hit har dei sin eigen kultur og sin eigen historie. Det går ikkje an å forvente at dei skal endre heile livet sitt. Me må heller lære av kvarandre. Sjølvsagt skal me arbeide, vere trivelege mot andre og betale skatten vår, men me er vårt eige folk, seier ho.

Sjølv om det tok tid å føle seg heilt heime og aksepterte, har familien for lengst kome seg forbi den litt vanskelege starten. Og no bygger dei seg hus på nabotomta, sidan huseigaren snart returnerer frå Svalbard.

– I starten var det litt vanskeleg. Det var nok mange misforståingar. Me passa ikkje heilt inn. Det har heldigvis blitt så mykje betre. Det tok berre ei god stund før folk aksepterte oss, trur eg. Men no er livet bra her, altså. Me bygger oss jo faktisk eit hus her no! Det hadde me ikkje gjort viss me ikkje treivst.

På kjøleskåpet heng det bilete av Silvias barnebarn. Ho har nemleg ein son og ei dotter som framleis bur i Tyskland. Ho fortel at ho saknar den delen av familien kvar dag, men at dei løyser det greitt med å treffast nokre gonger i året.

Hundane som elskar ho

Utanfor kjøkenglaset har hundane venta på matmor i fleire timar no. Dei har sakna ho veldig. Det er lett å kjenne på ein sjeldan tillit mellom Silvia og hundane hennar. Det merkast når ho køyrer ned til dei med skuteren sin. Dei er frå seg av begeistring, og riv seg nesten laus frå hundehusa sine for å kjempe seg fram i flokken som vil ha litt kos.

Rett ovanfor hundegarden ligg alt til rette for ein ny heim på Varmevoll. Ei tomt er grave ut, og grunnarbeidet er i gong. Det nye huset deira skal gå i eitt med naturen, og vere i stein og torv. Det er viktig for dei at bygget respekterer omgjevnadane.

­– Me tenker at det er greitt å måtte sjå to gonger for å få auge på huset. Det skal gå i eitt med fjellet. Også skal det ha store vindauge sjølvsagt. Me har jo den flottaste utsikta som eksisterer. Det er klart me skal sjå på ho.

Utanfor huset ønskjer sosiale og sprudlande Silvia seg ein jordkjellar og eit bakehus med steinomn der ho kan bake pizza og brød med alle som bur på Møsstrond.

– Det er nok ikkje alle som er heilt på bølgjelengd med meg her, men eg vil gjerne samle folket her på Møsstrond. Draumen min er at me har ein dag i veka der me samlast her oppe og bakar brød saman. Det er noko eg verkeleg hadde elska.

Etter at grunnmuren er lagt av dei sjølve, skal eit lokalt byggefirma ta over bygginga av sjølve huset. Det er viktig for dei å bruke lokal arbeidskraft.

Så langt i karrieren har ho skrive ei bok om eventyra sine. No er nye bokprosjekt på gang. Då skal det handle meir om det å leve og bu på staden ho gjer. Med sju kilometer til nærmaste nabo, heile Møsvatn mellom seg og sivilisasjonen og tretti hundar på tunet.