Campingbrann: Seks campingvogner i Kilen er utbrent.

Brann på Kilen feriesenter: Seks campingvogner er utbrent

Ingen personar kom til skade i brannen.

Politiet meldte om brann i fleire campingvogner på Kilen feriesenter i Kviteseid klokka 03.08 i natt.

Naudetatane rykte ut. Kokka 05.19 medte politiet at brannen var sløkt og at det blei arbeidd med etterforsking.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks campingvogner er utbrent, melder politiet.

Eigar Svein Holberg seier til Varden at han vakna av ein høg lyd frå ei gassflaske som small.

– Det er jo heldigvis ikkje så mange som bur her i desse dagar, så det er jo hell i uhell. Ingen budde i campingvognene det har brent i, seier han til avisa.

Det var totalt fire personar som budde på feriesenteret i natt. Ingen personar blei skadde i brannen.