Sandra Borch (Sp) er ny landbruksminister i Støre-regjeringa. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Sandra Borch: – Det kjem til å bli ein ny kurs i norsk landbruk

Nyslått landbruksminister Sandra Borch lovar å jobbe for at bøndene i landet skal ha ei lønn å leve av. Hennes eigen far vurderte nyleg å avslutte gardsdrifta.

Borch fekk onsdag overrekt nøklane til Landbruks- og matdepartementet av Olaug Bollestad (KrF).

– Det er veldig stort for meg, sa Borch til pressa etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nyutnemnde landbruksministeren frå Senterpartiet er sjølv oppvaksen på gard. Under nøkkeloverrekkinga fortalde Borch at hennar eigen far vurderte å leggje ned gardsdrifta på grunn av den tøffe situasjonen i næringa i sommar, men at han bestemde seg for å la vere.

– Så då har eg i alle fall bidrege til å føre vidare eitt gardsbruk, sa Borch spøkefullt, før ho forsikra at ho kjem til å jobbe for at bønder skal ha ei lønn å leve av.

– Det kjem til å bli ein ny kurs i norsk landbruk, sa Borch.

Senterparti-politikaren vart òg beden om å kommentere at ho, som kortvakse, blir kalla eit førebilete av Noregs Handikapforbund. Til det svarte Borch at ho håpar ho vart vald til jobben på grunn av kvalifikasjonane sine, før ho drog nok ein spøk:

– Eg har høyrt at det er folk på over to meter her, så dette trur eg vi skal klare å balansere veldig fint.

(©NPK)

Avtroppande landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) (t.v.) overrekker nøklane til departementet til sin etterfølgjar Sandra Borch (Sp). Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK