Veldige drivstoffprisar er ikkje i regjeringas verktøykasse når dei skal kutte utslepp i transportsektoren.Foto: Lise Åserud / NTB/ NPK

Regjeringa avviser sjokkprisar på drivstoff for å nå klimamål

Sjølv ikkje drivstoffprisar på 50 kroner vil gi nok utsleppskutt innan transport, ifølgje ein ny rapport. Tiltaket blir uansett blankt avvist av regjeringa.

– Det er ikkje noko nytt at det er veldig krevjande å nå klimamåla. Både nasjonalt og for transportsektoren. Men det betyr jo ikkje at vi gir opp, seier samferdselsminister Jon Ivar Nygård til NTB.

Før påska fekk han ein oppsiktsvekkjande rapport på bordet: Staten sine eigne transportetatar konkluderte med at det er nær umogleg for Noreg å nå målet om 55 prosent utsleppskutt i transport

Artikkelen held fram under annonsen.

– Analysane viser at det ikkje er mogleg å nå klimamåla med realistiske tiltak og tilhøyrande nødvendig verkemiddelbruk innan 2030, heiter det i rapporten frå dei seks etatane Avinor, Bane Nor, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Statens vegvesen og Nye vegar.

Nygård: – Svært krevjande

Samferdselsministeren er eigentleg ikkje overraska.

– Rapporten seier berre at det er svært krevjande å nå måla. Det er utfordrande i seg sjølv, men det er nok ingen sjokkerande nyheit. Det trur eg ein har visst ei stund, seier han.

I rapporten skisserer etatane fleire radikale grep for å nå klimamåla. Blant tiltaka som er vurderte, er ein drivstoffpris på 35 og 50 kroner literen og kutt i billettprisane på kollektivtrafikk med 25 prosent.

Men det blir konkludert med at sjølv kraftige prisaukar ikkje er nok.

Uaktuelt med prishopp for regjeringa

Bensin- og dieselprisar i denne prisklassen blir uansett blankt avvist av samferdselsministeren.

– Det heilt uaktuelt for oss å ha dieselpris på 50 kroner literen. Det er ikkje eit gangbart tiltak, seier han.

Nygård vil i staden jobbe vidare langs det sporet han meiner er viktigast, nemleg å endre teknologien og få til nullutsleppsløysingar der det er mogleg. Han viser til noko av det regjeringa allereie har gjennomført, som krav om nullutslepp for tunge varebilar i offentlege innkjøp. I tillegg vil regjeringa rulle ut ladestrategien sin, mellom anna for å få meir av tungtransporten over på nullutslepp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi jobbar over heile linja, i alle sektorar, heile tida, seier han.

I ein annan rapport, som også kom før påske, slår dei seks etatane fast at med dei verkemidla som er på plass i dag, ligg det an til berre 6 prosents kutt i transportsektoren i 2030.

Meisterplanen for korleis regjeringa vil nå klimamåla innan transportsektoren, kjem i nasjonal transportplan neste år.

Blir utfordra i Stortinget

I spørjetimen på Stortinget onsdag, vart samferdselsministeren utfordra frå fleire kantar om den nye rapporten. André N. Skjelstad (V) og Ola Elvestuen (V) ville ha ein garanti frå regjeringa om at klimamåla i transportsektoren ligg fast.

– Viss kutta ikkje blir tekne innanfor transportsektoren, så må det kuttast ytterlegare på andre område, til dømes innanfor landbruk, påpeika Elvestuen.

Samferdselsministeren understrekar at regjeringa ikkje har eit eksakt mål innanfor kvar sektor, men at Noreg i sum skal kutte med 55 prosent.

– Eg seier ikkje no at vi skal ha større utslepp på transport enn på dei andre områda. Men viss det viser seg å ikkje vere mogleg, så vil jo konsekvensane bli at ein må ta større kutt ein annan stad. Det må vi i så fall komme tilbake til, seier han.

MDG vil ha billige månadskort

MDGs Rasmus Hansson tillét seg å komme med eit forslag til regjeringa om korleis dei kan kutte meir i transportsektoren. Han ønskjer nasjonale månadskort til under 500 kroner for å få fleire til å reise kollektivt og la bilen stå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Billig månadskort over heile landet er eit tiltak som vi veit verkar, og som vi veit er populært, seier Hansson.

Samferdselsministeren viser likevel til at kollektivtransporten hovudsakleg blir styrt av fylkeskommunane og at det i så fall må avgjerast av dei.

Hansson er skuffa.

– Regjeringa overlèt eit av dei viktigaste verkemidla for å kutte transportutslepp til fylkeskommunane i staden for å ta ansvar sjølv, seier han.

(©NPK)

Klimagassutsleppa skal kuttast med 55 prosent innan 2030 ifølgje måla til regjeringa. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i Spørretimen i Stortinget onsdag. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK