Søker om idrettsfag: Svein Foldøy (f.v.), Christopher Andersen og Edgar Gamst Kristoffersen håper Kvitsund vil få ja til å ha idrettsfag på Kvitsund gymnas. Dei melder også om større interesse for den vidaregåande skulen i Kviteseid. – Det er både fleire søkarar og fleire som har takka ja til skuleplass i år enn det det har vore på fleire år, seier Gamst Kristoffersen.

Raude tal gjer at skulen må ta grep: – Me håpar me kan halde på i femti år til

Dei siste åra har Kvitsund gymnas gått med millionunderskot. Leiinga ved skulen trur eit breiare fagtilbod kan bidra til fleire elevar og betre økonomi.

– Utvikling er alltid viktig. Og nå er me i ein situasjon der me må ta grep, seier Edgar Gamst Kristoffersen.

Han er rektor ved Kvitsund gymnas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedgang i elevtalet er ein viktig årsak til den økonomisk krevjande situasjonen, og dei tilsette har fleire tankar om korleis ein kan trekke fleire elevar til den private skulen i Vest-Telemark. Eitt av tiltaka er å gje eit breiare fagtilbod.

Elevar frå heile landet

20 prosent av elevane på Kvitsund er frå Vest-Telemark. Resten av ungdomane kjem frå andre delar av landet. Det er noko av det Gamst Kristoffersen synest er fint.

– Ein får eit nettverk frå heile landet når ein går på Kvitsund, seier han.

Vebjørn Blindheim og Even Fauskanger er to av elevane som har valt å flytte til Kviteseid for å gå på vidaregåande. Dei kjem frå Oslo og Kongsberg, og tek seg ein runde på frisbeegolfbanen når skuledagen er over.

Glade i idrett: Hadde det vore mogleg ville Vebjørn Blindheim (t.v.) og Even Fauskanger valt idrettsfag på Kvitsund.

På fritida er Blindheim trenar for det lokale volleyballaget på skulen. Fauskanger er fotballtrenar for G19 laget.

Dei to gutane har høyrt at Kvitsund har søkt om å få idrettsfag.

– Me hadde garantert valt det, seier dei to.

Dei meiner forholda ligg godt til rette for å drive med idrett på Kvitsund, og fortel om mange aktivitetar ein kan delta i på kveldstid.

Artikkelen held fram under annonsen.

På skulen er det eige idrettslag der ein i tillegg til fotball og volleyball kan spele innebandy, badminton eller bordtennis. Det er idrettshall med klatrevegg og styrketreningsrom, fotballbane, frisbeegolfbane og eit nokså nytt klatrefelt, for dei som likar å klatre.

– Det er kort veg til alt her, seier Fauskanger.

Glad for å kunne bu på internat

Svein Foldøy, som er styreleiar på Kvitsund, meiner det er bra for ungdom som må flytte tidleg heimanfrå å ha ein skule med internat i Vest-Telemark.

– Det er ikkje alle ungdommar som er like klare for å etablere seg på eiga hand når dei er 15—16 år, seier han.

Foldøy meiner ein internatskule kan vere med å trygge overgangen til vaksenlivet.

Lokale jenter: Ranim Mtiri frå Treungen og Isabel Grave Johnsen frå Vrådal går på Kvitsund.

Ei av dei som måtte flytte for å gå på vidaregåande skule er Ranim Mtiri frå Treungen.

– For min del var det enten hybel eller internat, fortel ho.

Sjølv er ho glad for å bu på internat. Ho meiner det er ein fordel å få mat, og set også pris på å ha mange vener i nærleiken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om ein er sosial så er det fint.

Sidan storesøstera hadde gått på Kvitsund kjente ho skulen godt.

– Nå har også broren min begynt her, fortel ho.

Ranim kjem frå ein muslimsk familie, men opplever ikkje at det har vore noko problem å gå på ein kristen skule.

– Om du vil vere med på møte så kan du det. Om du ikkje vil — så er det fritt.

Og på diettbordet i matsalen får ho tilpassa mat.

– Det er mange som har diettar her, glutenfritt, vegansk — og eg får halal, fortel ho.

Oppvask: Ranim Mtiri er glad for at dei får mat på Kvitsund. – Her har eg tatt oppvasken, fortel ho og viser oss kjøkkenet på fløystova.

Godt miljø

Isabel Grave Johnsen bur i Vrådal, og er ein av dei elevane som bur heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det tek tjue minutt med buss frå Vrådal til Kvitsund. Isabel kunne også tatt buss til Vest-Telemark vidaregåande skule, men då hadde ho bruka over tre timar kvar dag for å kome seg til og frå skulen.

For Isabel var reisevegen avgjerande då ho skulle velje vidaregåande skule.

Bordtennis: Ranim Mtiri (f.v.) og Isabel Grave Johnsen spelar bordtennis.

Sjølv om ho ikkje bur på internatet hender det at ho er med på kveldsaktivitetar på Kvitsund.

– Eg føler meg inkludert sjølv om eg ikkje bur her, seier ho.

Har sendt ny søknad

Inne på lærarrommet er representantane frå leiinga ved den private skulen oppteken av korleis ein kan ta grep for å sikre framtidig drift på den vidaregåande skulen.

Dei er fornøgde med eigaren av skulen, Norsk Luthersk Misjonssamband, som betalar underskotet skulen har gått med dei siste åra.

Til neste år er det femti år sidan det vart vidaregåande skule på Kvitsund.

– Me håpar at me kan halde på i femti år til, seier Christopher Andersen som er administrasjonsleiar på skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at dei vil jobbe meir for å marknadsføre Kvitsund betre. I tillegg hadde dei håpa på å få utvida fagtilbodet.

Trioen meiner det er idrettsfag som er mest aktuelt å tilby på Kvitsund. Det er eit programområde det ikkje er tilbod om i Vest-Telemark. Dei meiner forholda ligg godt til rette for å tilby dette på Kvitsund og skulen har frå før kompetanse innan idrett.

Kvitsund søkte Utdanningsdirektoratet om å utvide tilbodet i fjor. Då fekk dei avslag.

– Det skuldast i stor grad at fylkeskommunen stemte imot. Udir konkluderer i stor grad likt med vedtaket i fylkestinget, seier Gamst Kristoffersen.

Nå har dei sendt ny søknad. Denne gongen har dei redusert talet på elevar på idrettsfag frå tretti til femten på kvart trinn. I tillegg har dei redusert talet på elevar på studiespesialisering. Totalt blir det ein auke på tjue elevplassar.

Telemark fylkeskommune skal kome med ei tilråding til søknaden i slutten av april. Innstillinga frå fylkesdirektøren er negativ.

Må sjå breiare på økonomien

Fylkesdirektøren meiner at ei utviding av tilbodet på Kvitsund truleg vil føre til at færre vil søke om å gå studiespesialisering på Vest-Telemark vidaregåande skule. Også her er elevtalet lågt, og fylket fryktar at ein ytterlegare reduksjon av elevar kan føre til at det ikkje er mogleg å tilby studiespesialisering ved den fylkeskommunale skulen.

For kvar elev som går på ein privatskule blir også fylkeskommunen trekt i sine overføringar. Telemark fylkeskommune fryktar at ei utviding av tilbodet på Kvitsund vil auke trekket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gamst Kristoffersen er for ein sterk og god offentleg skule, men vil også at det skal vere rom for private skular. Han fortel at prinsippet for at montessoriskular, steinerskular og skular som Kvitsund skal eksistere, handlar om foreldreretten — den grunnleggjande retten foreldra har til å bestemme over kva for ideologisk grunnlag opplæringa borna deira skal ha.

– Desse skulane skal vere eit viktig supplement til ein god offentleg skule. Denne retten er det naudsynt og viktig å kjempe for, seier han.

Rektoren meiner ein ikkje berre kan sjå på statstilskotet som følgjer eleven når ein skal snakke om økonomi.

– Det er jo så mykje meir.

Han meiner ein også må sjå på kva Kvitsund tilfører regionen — av tilflytting, kompetansearbeidsplassar og skatteinntekter. Også handelsstanden og Kviteseid skule har nytt godt av Kvitsund.

– Me meiner sjølv at me er ein positiv bidragsytar både i kommunen, og i fylket.

Rektoren på Kvitsund er glad for lokal støtte i Kviteseid.

– Me opplever at me er veldig ønska. Og at politikarane her kjemper for oss, uansett partipolitisk hatt, seier han.

Kvitsund: – Fornøgde elevar og fornøgde foreldre er dei beste ambassadørane me kan ha, seier rektor Edgar Gamst Kristoffersen.