– Dersom nummeret ditt blir brukt til spoofing, er det viktig å vite at verken mobilen din eller nummeret ditt har vorte hacka, seier informasjonssjef i Telenor, Julie Hæhre. Foto: Martin Fjellanger / Telenor

Pass opp for svindlarar som «tek over» nummeret ditt

Svindlarar brukar den såkalla spoofing-metoden for å få tilliten din. Bruk av teknologi i svindel blir berre meir og meir vanleg.

Spoofing er ein type svindelteknikk, som Store norske leksikon definerer som å forfalske ein avsendar i kommunikasjonssamanheng.

– Spoofing er ein teknikk som gjer at svindlarar ser ut til å kontakte deg frå eit norsk nummer, eller ei trygg IP-adresse. Dette kan skje gjennom ulike kommunikasjonskanalar, som e-post, sms eller telefon, forklarar informasjonssjef i Telenor, Julie Hæhre, i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Altså inneber denne typen svindel til dømes at du kan ta imot ei telefonsamtale frå eit tilsynelatande heilt vanleg norsk telefonnummer – men så viser det seg å vere ein bedragar frå eit utanlandsk call-senter som sit på den andre enden av røyret.

– For å utføre spoofing på telefon bruker svindlarane ei programvare som maskerer det originale nummeret dei ringjer frå. Dermed kan samtalen sjå ut som at den kjem frå eit norsk nummer – noko som ofte vekker meir tillit enn dei utanlandske nummera som dei ofte faktisk ringjer frå, opplyser Hæhre.

Nummeret ditt kan bli misbrukt

Svindlarar som praktiserer spoofing misbrukar både eksisterande telefonnummer, eller skjuler seg bak falske telefonnummer. Altså kan spoofing innebere både at du blir prøvd svindla, men òg at nummeret ditt blir misbrukt til forsøk på å svindle andre.

Å oppdage dette kan vere litt vanskeleg. Ifylgje Hæhre, vil dei som opplever å få nummeret sitt misbrukt til spoofing, ikkje oppdage dette før folk tek kontakt med dei og fortel at dei har vorte ringt opp frå det nummeret.

Ein ting er likevel viktig å vere klar over, ifylgje informasjonssjefen:

– Dersom nummeret ditt blir brukt til spoofing, er det viktig å vite at verken mobilen din eller nummeret ditt har vorte hacka.

Ho tilrår å ta kontakt med mobilleverandør dersom du har eit nummer som blir utsett for spoofing.

– Dei kan ofte hjelpe deg – mellom anna ved å blokkere utanlandske samtalar frå nummeret ditt. Men dette betyr òg at du ikkje kan ringe frå utlandet til Noreg, til dømes når du er på ferie. I tillegg bør du melde forholdet til politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prøver seg på Microsoft-svindel

Ifylgje senior sikkerheitsrådgjevar i Telenor, Thorbjørn Busch, er det som regel såkalla Microsoft-svindel dei kriminelle prøver seg på gjennom spoofing.

– Dei ringjer frå eit norsk nummer, seier dei er frå Microsoft og at dei har oppdaga eit alvorleg problem med datamaskinen din. Da er det berre å hugse på at Microsoft og andre seriøse aktørar aldri ville ringt deg med mindre du eksplisitt har avtalt det med dei fyrst, åtvarar han på mobilleverandøren sin nettstad.

Busch meiner at det viktigaste verktøyet mot spoofing ikkje handlar om teknologi, men om å kjenne att det han kallar sosial manipulasjon.

– Ta eit minutt og spør deg sjølv: prøver denne førespurnaden å vekkje noko i meg – frykt, usikkerheit, nysgjerrigheit, eller til og med grådigheit? Får dei meg til å kjenne på eit tidspress – at dette må gjerast no?

Det er òg vanleg at svindlarar som nyttar seg av spoofing utgjer seg for å vere politiet eller banken din.

Stor auke i meldingar om bedrageri

Ferske tal frå Økokrim viser at det kom 12 prosent fleire meldingar om bedrageri i 2023, enn det gjorde året før. Nesten 25 951 tilfelle vart meldt inn til politiet i fjor. Ifylgje Økokrim er bedrageri der kriminelle tek i bruk teknologi den forma som aukar mest.

– Det er store tal, særleg når vi veit at det òg er store mørketal på området. Bedrageri utfordrar tilliten i samfunnet, og undergrev heile samfunnet vårt. Dersom folk mistar tilliten til teknologiske løysningar, bankar, offentlege myndigheiter og andre samfunnsinstitusjonar er det fare på ferde, seier Økokrim-sjef Pål Lønseth i ei pressemelding.

Digitale bedrageri kan ramme alle aldersgrupper og alle samfunnslag. Med teknologi i stadig utvikling, med til dømes kunstig intelligens og deepfake, der personar kan gje seg ut for å vere andre både på telefon og på video, kan bedrageri bli enno meir truverdig enn det har vore før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tidlegare var det typisk eldre personar og personar med låg teknologikompetanse som vart svindla. Det vi ser no, er at det finst ein bedragerimodus for alle, seier Lønseth.

(©NPK)

Svindlarar som nyttar seg av spoofing, prøver seg gjerne på såkalla Microsoft-svindel.Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
– Tidlegare var det typisk eldre personar og personar med låg teknologikompetanse som vart svindla. Det vi ser no, er at det finst ein bedragerimodus for alle, seier sjef i Økokrim, Pål Lønseth. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK