Onsdag blir det opna for besøk att på Norheimstunet

Kommunen bed pårørande kontakte personalet og informere om besøket.

I samband med utbrotet av covid-19 i Øvre Vinje har Norheimstunet vore stengt for besøk. No varslar kommunen at det blir opna for besøk att frå i morgon, onsdag.

«Me ynskjer at pårørande kontaktar personalet og informerer om besøket. Me oppfordrar besøkande om å registrere seg i besøksprotokoll. Det anbefalast god handhygiene og bruk av munnbind og avstand på to meter ved besøk. Opphald i fellesareal er ikkje tillate», skriv kommunen på heimesida der dei også minner om nasjonale tilrådingar om generelt redusert besøk fram til 18. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Håpar og trur dei har lagt det verste bak seg

Siste oppdaterte status i Vinje er at 17 personar busette i kommunen er stadfesta smitta. Kommunen har ingen informasjon om dei seks smitta som har opphalde seg på hytter i kommunen har reist heim, slik dei blei oppmoda om.