Om lag ti prosent av dei som får sjukdomen døyr – no tilbyr kommunen gratis vaksine til ungdom

Vinje kommune tilbyr gratis vaksinering mot smittsam hjernehinnebetennelse for ungdom mellom 16 og 19 år.

Tilbodet er i tråd med tilrådinga frå Folkehelseinstituttet, som tilrår ungdom i aldersgruppa til å «vurdere å vaksinere seg mot meningokokksjukdom», altså smittsam hjernehinnebetennelse.

Sjukdomen er ikkje særleg utbreidd i Noreg, men ungdom i alderen 16-19 år har høgare risiko for smitte enn resten av befolkinga, opplyser Halvor Hylland Olsnes, vaksinekoordinator i Vinje kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tett kontakt med andre ungdommar, festing, høgt alkoholinntak eller bruk av andre rusmiddel, deling av glas/flasker, samt lite svevn, kan auke risikoen for smitte og for at sjukdommen får eit alvorleg forløp, fortel han.

– Sjukdommen utviklar seg ofte raskt, og omkring 10 prosent av dei som utviklar sjukdom, døyr, held han fram.

Det er altså bakgrunnen for at alle ungdomar i Vinje fødd mellom 2004 og 2007 no får tilbodet om gratis vaksine.

Meningokokkbakteriane kjem i fleire variantar, og i Noreg er det typane A, C, W og Y som er vanlegast. Det er difor ei kombinasjonsvaksine mot desse som Vinje kommune no tilbyr.

– Om ein skal reise til land utanfor Norden med auka risiko for smitte (russeturar og andre reiser med festing og tett kontakt med andre ungdommar over fleire dagar) bør ein vaksinere seg mot type B i tillegg. Ta kontakt med helsestasjonen eller fastlege for meir informasjon om dette, oppmodar Olsnes.

For å bestille kombinasjonsvaksina kommunen tilbyr kan ein ta kontakt med legekontoret i Åmot. Det vil bli sett av tre ettermiddagar i desember til vaksineringa. Ungdom som enno ikkje har fylt 16 må ha samtykke frå føresett.