Klipte snora: Lærar Anne Kristine Tobro og elev Ingrid Listaul markerte at det nye undervisingsrommet i naturfag er klart til bruk.

Nytt naturfagrom til 1,4 millionar kroner

Elevane ved den vidaregåande skulen i Seljord kan frå nå av utføre fleire praktiske øvingar i naturfag. Eksperimenta kjem til å gå trygt føre seg i eit topp moderne undervisingsrom.

Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord, søkte Telemark fylkeskommune (TFK) om 250 000 kroner til oppussing av og utstyr til eit naturfagrom, og fekk ja.

– Så fekk me beskjed av TFK eigedom om at dei 250 000 kronene bare var til naturfagsutstyr. Fylkeskommunen skulle løyve meir pengar til oppussing. Prislappen enda på 1,4 millionar kroner, seier Lars Kleve, som er avdelingsleiar for medier og kommunikasjon ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lånte naturfagrom på annan skule

Det gamle naturfagrommet mangla det meste og elevane måtte låne naturfagrommet på Seljord skule til eksperiment. Fordi medier og kommunikasjon og påbyggingsfag for generell studiekompetanse inneheld naturfag var behovet for naturfagrom stort.

– Det har vore eit stort behov for naturfagrom etter at realfaga fekk større plass på timeplanen vår, seier Anne Kristine Tobro, som er lærar ved Vest-Telemark vidaregåande skule.

Nå kan elevane boltre seg i eit fullverdig naturfagrom, som inneheld avtrekksskåp til bruk ved eksperiment som gjev frå seg gassar og skåp til trygg oppbevaring av kjemisk utstyr.

– Nå er me sjølvberga for å halde naturfagsundervising, seier Tobro.

Vilje til å satse

TFK har også gjeve midlar slik at skulen har fått nytt tak, nye golv og beisa utsida av skulebygget.

– Det viser ein vilje frå fylket til å satse på Seljord når dei brukar nærare tre millionar kroner på å oppgradere skulen. Det er ei politisk vilje til å satse, seier Kleve.

Den vidaregåande skulen i Seljord har stadig vore foreslått nedlagt sidan 2005.

Skulen har plass til 150 elevar og per dags dato går nærare 50 elevar der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fylkesopplæringssjefen: – Styrking av skuleavdelinga i Seljord kan gå på kostnad av skulane i nærleiken
Les også
Framleis usikker framtid for vidaregåande i Seljord

– Om skulen i Seljord blir lagt ned vil fråflyttinga av elevar bli stor. Me må ha geografien i mente. Skulen har like mange elevar frå aust og midt i fylket, som frå vest. Det er ein god miks, seier Kleve.

Les også
NHO sitt skuleråd til politikarane: – Tenk utanfor boksen i Seljord